Foto: Fitjar Fjordhotell
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hoteller risikerer å få ein prikk etter alkoholforskrifta, etter at Securitas kontrollerte hotellet sine nett- og Facebook-sider i desember.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Securitas, som utførte kontrollen for Fitjar kommune, fann to bilete dei meiner bryt alkohollova. På facebooksida til hotellet fann dei eit bilete som viser eit rom på hotellet. Her kan ein sjå det som ser ut som eit cognacglass stå på eit bord i rommet.

Det andre bilete meiner Securitas kan assosierast med alkoholholdig drikka. Her ser ein toppen av det som kan sjå ut som eit ølglas med skum i frå drikka i glaset.

Meiner reglane ikkje gjeld for alle

Ronald Hareide. Arkivbilete, Fitjarposten.

Ronald Hareide, ved Fitjar Fjordhotell, fortel dei har klaga på saka.

– Ein kan nesten seia at dette er ein bagatell, ein må utvida bilete av rommet for å i det heile tatt sjå glaset dei snakkar om. På det andre bilete kan det lika gjerne vere eplemost ein kan skimte i glaset.

- Annonse -
- Annonse -

Han saknar meir kommunikasjon mellom serveringsbransjen på Fitjar og kommunen.

- Annonse -

– Eg skulle gjerne sett at reglane gjaldt likt for alle. Korleis tek ein bilete av eit hotellrom utan ein minibar, eller det brettet ein gjerne set fram med snacks og drikkevarer, spør Hareide. Han viser til andre hotell sine nettsider med tilsvarande bilete.

Mistar ikkje nattesøvnen

Han bekymrar seg ikkje betrakteleg for ein prikk.

– Me har vel 8 kontrollar i året, so om eit bilete av eit glas eller at me skriv det skal vera ølsmaking er det verste me gjer, mistar eg ikkje nattesøvnen, fortel Hareide.

Fitjar Fjordhotell vart seinast tildelt ein prikk i byrjinga av 2018 for brot på skjenkeløyva. Då fordi dei hadde skrive at dei skulle arrangera ølsmaking.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -