"Fish Woman" var i fleire år plassert i sjøkanten i hamna på Leirvik.
- Annonse -

Styret i Utsmykkingskomiteen meiner prislappen på til saman 100.000 kroner for å å pusse opp fiskedama og montere ho innandørs for er for høg. 

Det kommunale styret som har ansvar for offentleg utmykking i byen har i eit nyleg møte avslått rådmannen sitt forslag om å løyve nær 100.000 kroner til reparasjon av den mykje omtalte skultpuren «Fishwoman».

Skulpturen var plassert i sjøkanten ved Nattrutekaien i Leirvik inntil den vart teken opp for eit par år sidan.

Skulpturen, som er laga av Inga S. Søreide, har verkeleg fått ein vêrhard behandling og må gjennom omfattande rehabilitering før den kan bli stilt ut på nytt igjen.

Men utsmykkingskomiteen meiner prislappen er for høg. Dei vedtok dermed å la «Fiskedama» ligge på eit lager fram til eventuelle rimelegare alternativ blir foreslått.

Anneli Belsvik Aras er ny kunstnarisk konsulent. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Ny kunstnarisk konsulent

Det var tidlegare kunstnarisk konsulent, Jørund Fjøsne, som i fjor kom med forslag om at «Fishwoman» burde få ei ny framtid ved å bli hengt opp i vestibylen i Kulturhuset.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fjøsne sa etter dette opp vervet sitt som kunstnarisk konsulent. I det nyaste møtet i komiteen vart det vedteke at Anneli Belsås Aras skal vere Fjøsne sin etterfølgjar.

Anneli Belsås Aras er sjølv kunstnar, og debuterte med seperatutstilling på Stord i fjor.

Styret vedtok i same møte å løyve 300.000 kroner til utsmykking av det nye legevaktsbygget.