Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -

– Den samfunnsmessige oppsida med tiltaket overoppfyller omsynet til ein saksprosess, som vil medføre forsinkingar av oppstart og unaudsynte kostnadar, skriv Jan Kåre Pedersen.

Sunnhordland Naturgass er ueinig med Stord kommune i at det planlagte biogassanlegget i Sagvåg er søknadspliktig.

– Me er usamd i føresetnadane om at biogassanlegget er eit søknadspliktig tiltak etter bygningslova, skriv dagleg leiar, Jan Kåre Pedersen i eit brev til Stord kommune.

Selskapet grunngir dette med at det ikkje skal gjennomførast større bygge- og anleggstiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, slik det heiter i plan og bygningslova.

Vil ikkje ha planprosess

– Det er plan om å bruke eksisterande anlegg som er skildra i kommuneplanen som næringsføremål, og som har vore brukt til industri i lang tid. Tiltaket vil ha vesentlege positive verknader for miljø og samfunn, i samsvar med kommuneplanen og som i tillegg inngår i overordna målsetnader.

Selskapet meiner vidare at kommunen sjølv har høve til å avgjere om det skal vere krav om ein reguleringsplan eller ikkje. Sunnhordland Naturgass er klare på at dei ikkje ønskjer ein slik plan.

- Annonse -

– Den samfunnsmessige oppsida med tiltaket overoppfyller omsynet til ein saksprosess, som vil medføre forsinkingar av oppstart og unaudsynte kostnadar.

SNG opplyser at dei ønskjer å gjere biogassen flytande mede lagring i ein lagertank i Seglneset. Bilete viser eit døme på ein slik tank.

«Not in my back yard»

Vidare orienterer selskapet om folkemøtet om biogassanlegget som blei halde i Solidhuset førre veke.

– Det var mange kjensler i sving, men ikkje generell motstand mot etablering av biogassanlegg, «men ikkje i vårt nærområde», skriv Pedersen, som meiner det alltid vil vere slik at dei som bur tettast på eit nytt prosjekt vil protestere.

– Slike reaksjonar har for lenge sidan fått eit eige omgrep NIMBY. Dette er eit akronym for «Not In My Back Yard». NIBMY skildrar motstand mot endringar i eit nærområde, men ikkje nødvendigvis mot endringar i andre sitt nærområde.

Sunnhordland Naturgass hadde onsdag denne veka ei førehandskonferanse med Stord kommune om biogassplanane. Einingsleiar RBO, Anne Randi Naurstad, ønskjer ikkje å opplyse om kva som vart konklusjonen frå møtet før referatet er ferdig skrive.

Naurstad uttalte tidlegare til Stord24 at tiltaket truleg utløyser ein omfattande reguleringsplanprosess, som ho meiner kan ta opp mot eitt år.

Pedersen har tidlegare sagt at planen er at anlegget skal vere i drift innan 12 månadar. Mykje tyder difor på at fabrikken vil bli vesentleg forsinka dersom kommunen krev reguleringsplan og konsekvensutgreiing.

Sagvåg Forum er i mot

Sagvåg Forum, som er høyringsinstans i kommunen ved slike type saker, har kome med ei formell uttale om planane. Dei har høyrt på folkeoponionen og stiller seg negative.

– Sagvåg Forum er positive til utbygging av eit biogassanlegg, og ser på prosjektet som både innovativt, framtidsretta og positivt for kommunen, men motstanden i bygda er så stor at me vil vere i mot prosjektet slik saka no føreligg og på den plasseringa som er føreslått, skriv leiar i Sagvåg Forum, Guro Betten.

Ho meiner Stord kommune må krevje ei grundig konsekvensutgreiing av planane.

– Motstanden er så stor at me krev at Stord kommune føretek ein fullstendig reguleringsplanprosess og ei grundig konsekvensutgreiing av prosjektet, der særleg utfordringar knytt til lukt, støy og trafikk vert vektlagt. I tillegg ber me om at kommunen kjem med forslag om alternative plasseringar.