Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Når 2020 går mot slutten, nytta høvet til å rosa og takka dykk for måten me som lokalsamfunn har møtt og handtert situasjonen på.

Av: Gaute S. Epland
Ordførar i Stord kommune

Når me no går inn i julehøgtida, kan me samstundes sjå tilbake på eit år som har vore heilt spesielt for oss alle. Som kommune vart me sett særleg hardt på prøve under det lokale smitteutbrotet i haust. Men heilt sidan mars har koronasituasjonen prega dei aller fleste sider ved liva våre, med store konsekvensar for folk og verksemder.

Jamvel om me no truleg er ved byrjinga på slutten av pandemien, veit me at vaksinering vil ta tid, og at smittevern og uro for smittespreiing også vil prega store delar av 2021. Eg vil likevel no når 2020 går mot slutten, nytta høvet til å rosa og takka dykk for måten me som lokalsamfunn har møtt og handtert situasjonen på. Den har kravd store tilpassingar og omstillingar av oss alle, men eg opplever at innstillinga har vore: ”Ja, det er krevjande, men dette skal me klara saman.” Og det er mitt klare inntrykk at dei aller fleste har følgt lojalt opp myndigheitene sine tiltak og råd for å bidra til å hindra smittespreiing.

Mange føler nok at det så godt som berre har handla om korona dette året, og at mest alt anna har vorte sett på vent. Men det er jo heldigvis ikkje heile sanninga. Eg tenkjer det er viktig å minna kvarandre om at det også har skjedd mykje positivt i stordsamfunnet dette året – ting som gjev grunn til von og tru på framtida og den vidare utviklinga til lokalsamfunnet vårt.

Industrien vår, som lenge har vore verdsleiande innan olje og gass, viser at den også kan verta leiande i det grøne skiftet, som me skal og må gjennom i åra som kjem. I sentrum veks det fram nye spennande prosjekt som eg er overtydd om at vil trekkja folk og skapa nytt liv. Unge stordabuar vender tilbake frå andre stader for å etablera nye konsept og verksemder her heime. På Nysæter er me godt i gong med bygginga av ein ny fantastisk ungdomsskule med allsidig idretts- og kulturanlegg. For å nemna noko av det me har å sjå fram til i tida som kjem.

- Annonse -

Jula vil også verta noko annleis i år. Med mange som vender heim frå studiar og jobb andre stader, aukar også risikoen for smitte. Eg vil difor oppmoda dykk om å vera ekstra påpasselege med å følgja gjeldande smittevernreglar og –råd. Eg vonar samstundes de alle vil finna rom og tid til ei god og fredfull feiring saman med dykkar næraste.

Takk for ekstraordinær innsats i ei ekstraordinær tid!

God jul og godt nytt år!