Flyplassjef Jan Morten Myklebust og DAT-direktør Jesper Rungholm har all grunn til å smile over satsinga på Stord lufthamn. Foto: Anders Horvei/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har sett både opp- og nedturer, og har i nokre år gått med underskot. No har me all grunn til å vere nøgd med at me har haldt det gåande desse ti åra, seier DAT-direktør Jesper Rungholm.

Direkte frå Danmark i privatjet tok Danish Air Transport-sjef Jesper Rungholm seg ein tur til Stord torsdag. Mellom anna for å fortelje om nysatsinga: den nye sommarruta mellom Stord og Billund.

– Me venter at mange vil få glede av at det no blir ei direkterute til Billund, seier Rungholm.

Han seier at målet er at ruta skal bli fast kvart år, og gjerne utvidast til ein lengre sesong.

– Føremålet er å lage ei bærekraftig rute. Det kjem an på suksessen. Me har testa ut noko liknande i Danmark, der me har lansert sommarruter frå Billund til Bornholm. Det gjekk veldig, veldig bra, og ruta blei utvida til nesten å fly heile året. Det trur me ikkje kjem til å skje her, men håpet er at interessa blir så stor at me kan kome att året etter, og kanskje auke til ein lengre sesong.

– Det er gledeleg at Stordflyet tar nye initiativ, og etter mi meining er Stordflyet på rett spor med ny weekendrute. Eg kan berre oppmode familiar i området om å bakke opp og ta seg en tur til Billund, seier flyplassjef Jan Morten Myklebust.

Einaste Danmark-ruta mellom Bergen og Stavanger

- Annonse -
- Annonse -

Myklebust håper den nye ruta kan dra passasjerar frå heile regionen, og viser til at Widerøe nyleg har lagt ned direkteruta mellom Haugesund og København.

– Det er klart at kundegrunnlaget er ganske stort. Widerøe har vel ei rute frå Bergen til Billund, og så flyt DAT sjølv frå Stavanger til Esbjerg. Ellers blir me aleine mellom Bergen og Stavanger om å ha direkterute til Danmark.

– Det er utvilsamt ein interesse frå Jylland til Vestlandet. No må me sjå om det er befolkning nok her for at denne ruta blir levedyktig. Me vil iallfall vere konkurransedyktig på pris. Eg trur faktisk billettane vil vere billigare enn på Oslo-ruta, seier DAT-sjefen.

DAT-sjef Jesper Rungholm kom med privatjet direkte til Sørstokken. Foto: Anders Horvei/Stord24

Ein time frå Tyskland

Flyturen frå Stord til Billund vil ta 1,5 time. Forutan hovudattraksjonen Legoland, fortel Rungholm at Billund er eit godt utgangspunkt for å reise vidare til andre stader, både i Danmark og sørover i Europa.

– Det er berre ein times køyretur frå Billund til grensa til Tyskland. Det går også flighter vidare frå Billund til mange artige destinasjonar. Dette er jo flyplass nummer to i Danmark.

- Annonse -

DAT-sjefen seier det kan bli aktuelt å få til ei avtale med eit charterselskap, slik at ein kan kome seg frå Stord til ein Syden-destinasjon via Billund.

Myklebust fortel at han lenge har hatt eit ønske om å få ei sommarrute til Danmark. Men uklarheiter om korleis Tollvesenet forhaldt seg til utanlandsflygingar til Stord har skapt vanskar. Saka vart til og med løfta til Stortinget, der finansminister Siv Jensen (Frp) måtte stadfeste at Tollvesenet ikkje hadde høve til å nekte internasjonale ruter til Stord.

– Me har hatt møte med Tollvesenet og tatt det opp to gonger. Så no har me fått aksept for denne flyginga for i utgangspunktet åtte weekender. Reglane er eigentleg slik at skal du ha ein rute eller charter til ein flyplass som ikkje er definert som internasjonal tollandingsplass, så varigheita vere minimum seks månadar. Men dei har gitt oss aksept.

Foto: Anders Horvei/Stord24

Veldig nøgd med Oslo-trafikken

Når det gjeld Oslo-ruta har Rungholm i DAT all grunn til å vere strålande nøgd. Ruta hadde i 2018 ei trafikkauke på heile 46 prosent.

– Me setter utruleg stor pris på å ha ei rute som fungerer utan at me skal spekulere i om ruta er levedyktig. Frekvensen me flyr no er bærekraftig økonomisk bra for oss, den fungerer bra, og både dekninga og innteninga er fin. Så me er veldig nøgde.

Men slikt har det ikkje alltid vore. I løpet av dei 10 åra DAT no har trafikkert ruta, har det vore fleire bølgjedaler. Ikkje minst i 2012, då det var full krisestemning på lufthamnen. Sjølv om det nokre gonger har vore tøft, seier Rungholm at han aldri har vore i nærleiken av å trekkje seg ut frå Stord.

– Me har sett både opp- og nedturer, og har i nokre år gått med underskot. No har me all grunn til å vere nøgd med å ha halde det gåande desse ti åra. Me har faktisk ikkje vore nær ved å gi opp. Me har overveia det, og me har fått økonomisk hjelp på det verste, men i det store og heile har me aldri vore nærleiken av å seie «no er det nok».

Ruteprogrammet på ruta mellom Stord og Billund gjeld frå 28. juni og fram til 18. august. Det blir avgangar kvar fredag til Billund og retur igjen om søndagen.

- Annonse -