Stord har fleire pizzastadar, som også vil bli vurdert. Pixabay
- Annonse -

Me håper lesarane våre vil ta godt i mot den nye spalta i Stord24.

Av: Jonas Sætre,
ansvarleg redaktør i Stord24

Det er med ein stor porsjon pågangsmot at Stord24 no gjer noko som aldri har blitt gjort før i våre trakter.

Me har engasjert ein dyktig matanmeldar som skal gi lesarane våre ein grundig og balansert vurdering av alle serveringsstadane i byen vår, og eventuelt i omlandet til Stord.

Og alle skal bli vurdert. I spalta skil me ikkje mellom serveringsstadane – alt frå kebabsjapper til restaurantane med høgast ambisjonsnivå vil få eit besøk.

Slike spalter finn du helst i større byar, men me trur likevel Stord er klar for ei slik spalte. Dei siste åra har det nemleg dukka opp eit svært variert og rikt serveringstilbod på Stord. Etter ein grov gjennomgang har me kome fram at det i dag finst 20 etestadar på Stord. Då er ikkje bensinstasjonar og reine take away-tilbod inkludert.

- Annonse -

Det er eit imponerande høgt tal for ein liten by. Me som bur på Stord er rett og slett heldige som har så mykje å velja i.

Men det er viktig for oss å få fram kva som er målet med den nye spalta. Me har ikkje noko ønskje om å gi slakt, og å henga ut dei som ikkje skulle klara å gi ei god matoppleving. Me er ikkje VG. Alle kan ha ein dårleg dag på jobb, og me ønskjer heller å koma med konstruktiv kritikk som serveringsstadane kan bruka til å forbetra konseptet sitt.

Den viktigaste grunnen til at me gjer dette er at me ønskjer å bidra til å skapa matglede i befolkinga. Me vil at stordabuen skal bli flinkare til å gå ut og kosa seg, og bruka byen sin.

Dette er spesielt viktig i tidene me no er i, med prisauke og renteoppgang. Det hadde vore svært synd om nokre av serveringsstadane vil måtta stengja fordi folk bestem seg for å prioritera vekk restaurantbesøk for å spara pengar. På Stord er heldigvis arbeidsløysa rekordlåg, så me meiner dei aller fleste bør ta seg råd til å gå ut og eta ein gong i blant.

Den første matanmeldinga kan du lesa laurdag. God fornøyelse!

- Annonse -
Forrige artikkelConny held fram: – Tilbakemeldingar frå kundane var avgjerande
Neste artikkelPledd for utlån: – Ikkje eit tiltak Stord kommune har vurdert
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no