Ap-politikarane Susan Abdallah, Tarjei Aamodt Haga og Inger Johanne Moe. Foto: Stord Ap
- Annonse -

DEBATT: Tre Ap-politikarar på Stord forklarar kvifor dei ønskjer ny sjukeheim i Leirvik.

Av: Tarjei Aamot Haga (Ap), leiar utval for rehabilitering, helse og omsorg (RHO)
Susan Abdallah (Ap), nestleiar RHO
Inger Johanne Moe (Ap), utvalsmedlem RHO

I ei tid der behovet for tenester innan rehabilitering, pleie og omsorg vert stadig større, er det gledeleg at det no vert planlagt fleire sjukeheimsplassar på Stord.

Stord kommune er ein kompakt og god kommune. Me har og vil fortsetja å satsa på eldreomsorg. No er situasjonen den at me me har eit stort behov for fleire sjukeheimsplassar, og me må komme i gong med planlegging og ikkje minst bygging av desse.

Debatten kring lokalisering har vært god, og me i Arbeidarpartiet har gått igjennom alle innspel og vurderingar kring dette. Det har vore viktig for oss å tenkje plassering ut i frå kvar flest mogleg i kommunen kan få tenester nært på seg. Tildeling av institusjonsplass skjer alltid ut frå behov og ikkje ut frå kvar ein bur.

I ein relativt liten kommune som Stord trass alt er, så vil nok dette vera tilfelle også i framtida. Difor vil alltid plassane verta tildelt dei som har eit størst behov for plassen til ei kvar tid uavhengig av kvar ein bur i kommunen. Slik tenkjer me det også må vera.

- Annonse -

I ei tid med utfordringar knytt til rekruttering av helsepersonell, er det også viktig å sjå på korleis me kan få danne fagmiljø og nytte kompetansen me har i Stord kommune best mogleg. Me må tenkja nytt og sjå på nye moglegheiter for å ha ei god og forsvarleg helseteneste for våre innbyggjarar også i tida framover. Det å byggja sterke og større fagmiljø vil bidra til kvalitet og styrking av tenestene. Dette ser me effekten av etter den nye avdelinga på Stord sjukeheim vart teken i bruk frå 2019. Me i Stord Arbeidarparti trur på det å samla tenester og kunna nytta stordriftsfordeler når ein skal bygga nytt denne gongen også.

For oss har det også vore eit sterkt ønske over tid å få på plass eit produksjonskjøkken der me kan laga mat av god kvalitet i nærleik til pasientar og brukarar av tenestene.

‘Slik det er i dag vert middagen transportert frå Bergen til Stord. Me får mange gode attendemeldingar på maten i dag, men også nokre ikkje fullt så gode. Me meiner mat som er laga lokalt, vil bidra til betra kvalitet på måltida, i tillegg til å vera eit langt meir miljøvenleg alternativ enn dagens løysing. For Stord Arbeidarparti er det såleis viktig å få på plass eit stort nok kjøkken til å laga mat sjølv til institusjonane i Stord kommune no når me skal byggja ny sjukeheim.

Steinar Engelsen hadde eit godt leserinnlegg i bladet Sunnhordland i vinter der han skriv om verdien av nærleik mellom sjukeheimsplassar og barnehagar og skular. Me er også samde i at eit slikt samarbeid er positivt. Både Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter har i dag samarbeid med kvar sine barnehagar som har besøksdagar på desse institusjonane. Dette samarbeidet vart heidra med innovasjonsprisen i 2019. Dette er samarbeid som me vil leggja til rette for at vil fortsetja. I tillegg har ein hatt eit god samarbeid med skular, Raude krossen og mange andre lag og organisasjonar som bidreg til positive opplevingar for dei som bur på institusjonane. Knutsaåsen omsorgsenter er og kjent for restaurantkveldane sine for pasientar og pårørande, dette vert framheva som eit flott tilbod og eit lyspunkt for alle som har deltatt. Me vil rosa arbeidet institusjonane legg ned for å skape gode opplevingar for bebuarar og dei rundt.

Me ynskjer ikkje at plassering av ny sjukeheim på Stord skal verta ein kamp mellom bygdene. For oss vert vurderinga av kor det er best å plassere ein ny sjukeheim teke med tanke på kvalitet, fag og kompetanse, tilgjenge for alle innbyggjarar i Stord uavhenging om ein bur på Grov eller i Sagvåg, og ikkje minst raskast mogleg byggjestart. Difor har me i Stord Arbeidarparti landa på å fylgja rådmannen si innstilling om å byggja ny sjukeheimsavdeling med 64 plassar på Knutsaåsen.

- Annonse -
Forrige artikkelJublar for ny kontrakt verdt opptil 50 millionar på Heiane
Neste artikkelFolk flest held seg i Noreg i påska: – Nordmenn skal leggje skia i skiboksen