Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

DEBATT: I kommunestyresalen var det eit fleirtal for å sende ei orsaking til brødrene Husom. Ordføraren valde å avvisa ei votering.

Av: Geir Angelteit,
Kommunestyrerepresentant, Stord Venstre

I kommunestyret torsdag ønska Venstre, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Miljøpartiet dei Grøne, uavhengige Bente og Linda, samt nokre i Arbeidarpartiet og Senterpartiet, å senda ei orsaking til Brødrene Husom på vegne av folkevalde kommunestyrerepresentantar.

Ordføraren meinte formuleringa i forslaget frå Venstre var upresis, trass i at han vart oppmoda på førehand om å koma med alternativ ordlyd om ordlyden bar på problem. Eg meiner ordlyden ikkje var upresis, alle born i vår kommune er vårt alles ansvar alltid.

Tillitsvervet ordførarrolla er innehar eit verktøy for å blokkera votering i interpellasjonar. I kommunestyresalen var det eit fleirtal for å sende ei orsaking til brødrene Husom. Ordføraren valde å avvisa ei votering.

Berre fordi ein har rett til å gjere noko, gjer det ikkje rett å gjere.

- Annonse -

Eg trur kommunestyrets fleirtal i denne saka representerar innbyggjarar og tilsette sitt ønske om å alltid skulla skapa ein betre verden for alle som veks opp.