Wenche Tislevoll og Lars-Heine Kåsa lyttar til Maria Højgaard Molden og Mina-Matilde Håøya. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Maria Højgaard Molden og Mina-Matilde Håøya vitja Fitjar med masteroppgåva deira om tareproduksjon.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

– Me er jo ferdigutdanna arkitektar og har fått oss jobbar no, so me er jo eigentleg ferdig med den. Men me brukte jo eitt år på oppgåva og me blei veldig glad i den, og i Fitjar, so det var kjekt å få koma tilbake og prata om den, seier Håøya.

Dei to jentene skulle fortelja om oppgåva på årsmøte til Fitjar næringsråd i kveld, men møtet vart utsatt i siste liten. Heldige forbipasserande fekk difor gleda av å høyra jentene fortelja om oppgåva si.

F.v.Mina-Matilde Håøya og Maria Højgaard Molden med modellane. Foto: Ingrid Hovstad

I masteroppgåva deira om tareproduksjon, designa dei eit produksjonssenter i Fitjar sentrum.

– Me valde tare fordi me er matinteresserte, og trur tare kan bli det nye store. Noreg har lang kystlinje og perfekt vasstemperatur til å produsera tare i, fortalde Molden.

- Annonse -
- Annonse -

Tare vert hausta og prosessert i mellom mars og juni, problemet med eit produksjonssenter for dette vart difor: kva skal ein nytta bygget til resten av året?

Molden og Håøya kom fram til at eit mediumscalaanlegg til å prosessera andre råvarer vart perfekt. Eit slags kollektiv for mindre bedrifter, der ein til dømes kan leiga areal og utstyr.

Illustrasjon

Produksjonssenteret er designa for Fitjar, men skal kunne fungera andre stadar i landet ogso.

- Annonse -

– Me nytta Fitjar som døme fordi det er ein nyskapande tettstad. Her kan ein byggja eit produksjonssenter på eksisterande verksemder og lokale mattradisjonar, uttala Molden.

– Me vil at tare vert like vanleg i matlaging som poteter eller gulrot, sa Håøya.

Molden og Håøya har designa eit spennande anlegg der ein kan fermentera, tørka og frysa tare, og dermed laga mange ulike produkt. Produksjonssenter var strategisk teikna inn i holrommet mellom Varehuset Rydland og Sjøstrand.

– Me såg at sjøsida vart litt baksida av Fitjar, og me ville at dette skulle vera eit multifunksjonelt bygg med flott utforming. Me teikna inn ein trygg gangsti forbi senteret, store vindauge så folk kan sjå inn på produksjonen, og eit rom der ein til dømes kan ha matlagingskurs. Brygga er ogso sett for seg todelt, ein del for lasting og lossing, og ein del offentleg. Her kan ein til dømes ha kajakkutleige, fortalde dei engasjert.

Her ser ein modellen av brygga med kranar på eine sida, og kajakkutleige på andre. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune jobbar for tida med både kommuneplanen sin samfunnsdel, og reguleringsplan for sentrum, soleis var modellane jentene viste fram svært inspirerande. Ordførar Wenche Tislevoll spurte fint om ho kunne få modellane og ta dei med til rådhuset som inspirasjon i prosessane, noko ho gjorde.

Lars-Heine Kåsa og Gisle Andre Enstad hadde tatt turen i frå Engesund Fiskeoppdrett for å høyra om produksjonssenterideen. Dei fekk nyleg konsesjon på tareoppdrett, og syntest dette var ein spennande ide.

– Det er ikkje etablert marknad for tare i dag, men med eit slikt produksjonssenter kan ein kanskje få i gong eit marknad. Her er det mange folk som må med på laget, uttala Kåsa.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -