Eva Herskedal Irgens i Stord Frp. Foto: privat
- Annonse -

Blir ikkje mobbinga tatt tak i, så må du gjerne ta kontakt med meg så kan eg ta det videre, skriv Stord-politikar.

Av: Eva Herskedal Irgens,
kommunestyrerepresentant Stord Frp

No byrjar born og unge på skulen att etter ferien. Me kan ikkje ha born som kvir seg for å gå på skulen på grunn av mobbing, det er viktig for alle born og unge sin psykiske helse. Det er svært viktig at dei har eit godt oppvekstmiljø utan mobbing.

Veldig trist og nedslåande resultat på den siste Ungdata-undersøkinga som er gjennomført i Stord. Denne syner ei auke i høve mobbing. Dette kan me ikkje sjå på, me vaksne må bli meir vakne, dette gjeld oss alle, foreldre/føresette, lærarar og rektorar.

Alle har rett til å bli sett og høyrd. Lærarar og rektorar bør ha enda meir fokus på dette.

Til deg som blir mobba på skulen, gå til læraren eller ein lærar du stolar på og gi beskjed, ikkje gi deg men gå vidare til helsesjukepleiar på skulen, dine foreldre/føresette, eller ein annan som høyrer på deg. Om du ikkje blir høyrd på av lærar, la dine foreldre/føresette ringe rektor.

- Annonse -

Blir det ikkje tatt tak i, så må du gjerne ta kontakt med meg så kan eg ta det videre. Då Frp var i regjering fekk dei igjennom at me har mobbeombud i alle fylker. Me skulle så gjerne hatt det  i alle kommuner, men det er det ikkje enda.

Barn og unge skal ikkje kvi seg for å gå på skulen!

- Annonse -
Forrige artikkel– Det handlar ikkje berre om kva som kan skje inne i bilen, men om kva som kan skje på utsida
Neste artikkelLokalbanken har så langt klart seg bra etter koronaen, men førebur seg på tøffare tider