- Annonse -

Multiconsult har åtte ledige stillingar som ingeniør innan ei rekkje fagfelt.

Har du bakgrunn som ingeniør eller sivilingeniør innan eitt av følgjande fagområde, så ønskjer me at du sender oss ein kortfatta søknad, samt CV og vitnemål:

  • VVS/HVAC
  • Konstruksjonsteknikk
  • Bygningsfysikk
  • Akvakultur
  • VA
  • Arealplanlegging
  • Samferdsel (veg)
  • Elektro
  • Prosjektstyring

Stillingane er ein spanande moglegheit for deg som vil vera med å skapa din eigen arbeidsplass i eit lokalt miljø, med støtte frå eit landsdekkande fagmiljø. Som rådgjevar hos oss har du store moglegheiter til å påverka din eigen kvardag.

Arbeidsoppgåver

•  Arbeidsoppgåvene dine vil omfatta rådgjeving, prosjektering, oppdragsleiing og kundeoppfølging.

Kvalifikasjoner

- Annonse -
- Annonse -

• Relevant utdanning frå høgskule/universitet innen eitt av dei nemde fagområda, minimum utdanning på bachelornivå
• Vi søkjer både etter medarbeidarar med erfaring, og deg som er nyutdanna.

Personlege egenskapar

• Me ønskjer medarbeidarar som tek ansvar og som trives med å arbeida med kundar i ein utfordrande kvardag
• Kreativ og fagleg engasjert
• Sjølvstendig og initiativrik, samt evne til å jobbe tverrfagleg
• Resultat- og løysingsorientert
• Må trivast med tekniske utfordringar
• Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
• Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk/nordiske språk

Me tilbyr
  • Ei ekspansiv bedrift kjenneteikna av eit sterkt merkenamn.
  • Eit svært godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Moderne lokale sentralt på Leirvik.
  • Fem veker ferie, samt fri i romjula og i påska
  • Ei rekkje personalgode; firmaturar, firmahytter og idrettslag
  • Ein arbeidsgjevar som er oppteken av ein sunn balanse mellom jobb og fritid

Kontakt

For ytterlegare informasjon, vennleg ta kontakt med aktuell seksjonsleiar:

Konstruksjonsteknikk, bygningsfysikk, elektro, prosjektstyring og VVS/HVAC: Steinar Kjerpeseth på tlf. 99 24 37 90 eller e-post steik@multiconsult.no

Akva: Tom Rydland på tlf. 90 84 68 41 eller e-post tomr@multiconsult.no

Arealplanlegging, samferdsel: Svein Andersland på tlf. 91 39 95 24 eller e-post: svea@multiconsult.no

Om oss

Multiconsult er eit norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innan prosjektering og rådgjeving. Gjennom flere kontor i Noreg og internasjonalt dreg me nytte av 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handlar mogleggjering om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetjing blant våre meir enn 2400 medarbeidarar.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innanfor følgjande seks forretningsområde: Bygg & eiendom, Industri, Olje & gass, Samferdsel, Vann og Miljø, By & Samfunn og Fornybar Energi.

Multiconsult på Stord er eit miljø med fokus på utvikling av høg fagleg kompetanse. Me er tilknytta region Vest, som også har kontorer i Bergen og på Voss. Kontoret har oppdrag innafor alle forretningsområda og er eit kompetansesenter innanfor landbasert oppdrett.

Klikk her for å søkje på stillingane.

- Annonse -