Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Helse Fonna ber alle innan som har bakgrunnen innan fleire helsefag om å melde seg snarast.

– For å bekjempe utbrotet av koronavirus treng me ekstra helsepersonell til sjukehusa i Helse Fonna. Og me treng det raskt, skriv Helse Fonna.

Føretaket strekk ut ei hand til dei med helsefagleg bakgrunn som ikkje har ei stilling i sjukehus eller kommune frå før.

– Dette gjeld legar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarer, jordmødre og studentar innen desse helsefaga. Me treng også helsefagarbeidarar og helsesekretærar som kan bidra i ein krevjande bemanningssituasjon.

– Har du allereie eit arbeidsforhold i sjukehus og/eller kommune er du medrekna i planane våre og treng ikkje melde deg her, skriv helseføretaket.

Er du ein av dei som kan hjelpe så kan du registrere deg her.

- Annonse -