Anna Sofie Ekeland Valvatne.
- Annonse -

DEBATT: Det er ikkje nok å lukka auga, me må satsa på det nye og regulera det me veit me må ha mindre av.

Av: Anna Sofie Ekeland Valvatne
2.-kandidat for Stord SV

Det finst ei gamal myte om at høgresida er god på næringspolitikk. Det har aldri vore riktig i Noreg. Ikkje minst har næringspolitikken glimra med fråværet sitt i alle dei fem åra Høgre har sete i regjering.

For Høgre handlar næringspolitikk om to ting.

For det første skal ein sitja stille i båten. Næringspolitikken er passiv. Ein sit heilt stille, lukkar auga og vonar at dei magiske marknadskreftene får økonomien til å veksa, og at klimakrisa og den grøne omstillinga berre skjer.

For det andre handlar det om å gjera mest mogleg for eigarane. Høgre og Frp har uavgrensa mengder politikk og pengar for eigarane i næringslivet. Ikkje for nye, fremtidsretta arbeidsplassar. Ikkje for arbeidarar. Høgre sin næringspolitikk er eigarpolitikk, som flyttar store verdiar til lommebøkene til dei aller rikaste.

- Annonse -
- Annonse -

SV sin næringspolitikk er den stikk motsette. Me vil ta aktivt grep for å hjelpa den norske verdiskapinga. Metodane me nyttar i dag for å satsa på olje og gass – som styring av utdanning, forsking, tilretteleggja skatt- og avgiftspolitikk, risikoavlastning, innkjøp og reguleringar – skal me vri til å satsa på nye nøkkelnæringar.

- Annonse -

Næringsutviklinga skjer i kommunane og regionane, og det er difor lokalvalet i haust blir avgjerande for næringspolitikken. SV vil nytta regionale utviklingsmiddel og utviklingsfond til å stø opp om næringsprosjekt som bidreg til omstilling, med fleire trygge arbeidsplassar.

Me vil leggja om samferdselspolitikken for å skapa grøne løysingar og nye norske næringar. Og me vil nytta midlane fellesskapet har til å handla grønt og smart. Kloke innkjøpskrav bidreg til mindre utslepp, skapar marknader for miljøvennlege produkt og gir eit meir seriøst arbeidsliv med sømelege lønns- og arbeidsvilkår.

Ein seriøs norsk næringspolitikk må ha ein plan for overgangen til ei tid der oljenæringa er fasa ut. Alt anna er uansvarleg.

Me seier: Det er ikkje nok å lukka auga, me må satsa på det nye og regulera det me veit me må ha mindre av. Norsk økonomi og næringsliv er inne i ein kritisk fase. Denne dramatiske situasjonen krev grep, og vilje til å satsa. Det har me i SV.

- Annonse -