- Annonse -
- Annonse -

Helle AS og Elecon AS fusjonerer til å bli ein totalteknisk leverandør innan elektro, ventilasjon og røyr. No treng me fleire på laget.

Me er på jakt etter gode medarbeidarar som tek individuelle avgjerder og er villige til å ta på seg utfordrande oppgåver. Hos oss må du jobba for å nå måla som me set oss saman, og halda kursen for å nå desse måla.

Me er på jakt etter deg som alltid vil læra noko nytt. Like viktig er det at du kan inspirera og motivera andre gjennom gode og konstruktive tilbakemeldingar.

Slik kan me skapa eit arbeidsmiljø som er prega av samarbeid og respekt og som legg til rette for kreativitet og innovasjon.

Me ser etter:

  • Røyrleggjarar
  • Ventilasjonsmontørar
  • Elektrikarar
  • Ingeniørar/prosjektleiarar

Les meir om stillingane på www.elecon.no og www.comfortbremnes.no.

- Annonse -
- Annonse -

Søknadsfrist er 31. oktober 2017.

For meir informasjon, ta kontakt med Jarle Neset: jn@elecon.no, tlf. +47 930 89 788 eller Anders Helle: anders.helle@comfort.as, tlf. +47 404 03 681.

Om oss

Helle AS og Elecon AS er tradisjonsrike bedrifter med lang erfaring og sterke marknadsposisjonar innan sine fag, og som no går saman til Helle Elecon. Til saman er det i dag meir enn 40 tilsette.

Me vil halda fram med det me er gode på og slik kundane kjenner oss. Men saman vil me utvikla oss som totalteknisk leverandør og tilby gode løysingar for større prosjekt innanfor elektro, ventilasjon og røyr.

- Annonse -
- Annonse -