Fire engasjerte ungdommar neddynka i olje under Stord SU sin aksjon. Mange kom med nedsetjande kommentarar om ungdommane i ettertid. Foto: Stord SU
- Annonse -

DEBATT: Gruppeleiarane for dei politiske partia på Stord står saman om felles uttalelse om hatytringar.

Me ser med uro på at debattklimaet i media generelt og her lokalt vert stendig hardare. Dette råkar oss alle, og særskild råkar det ungdomane våre.

Me tilhøyrer ulike politiske parti, og me er usamde om mykje. Sakene me står for er viktige for oss, og me kjempar alle for å få mest mogleg gjennomslag for vår politikk. Me er usamde om saker, men me har likevel respekt for kvarandre. Me er folkevalde fordi me ønskjer oss eit godt lokalsamfunn.

Me engasjerer oss for at Stord skal vera ein god plass for alle. Då er me avhengige av eit levande lokaldemokrati der alle har høve til å delta, og gjerne verta møtte med motargument, men ikkje hat og trugsmål.

Me står saman for eit godt og inkluderande lokalsamfunn, og for eit levande lokaldemokrati. Difor står me òg saman mot hatefulle ytringar.

Av: Gruppeleiar for Stord Arbeidarparti, Britt Nelly Hystad Barane
Gruppeleiar for Stord Venstre, Geir Angeltveit
Gruppeleiar for Stord Høgre, Øyvind Kyvik
Gruppleiar for Stord Framstegsparti, Sigbjørn Framnes
Gruppleiar for Stord Senterparti, Nancy Åsheim
Gruppeleiar for Stord MDG, John Tonnessen
Gruppeleiar for Stord Raudt, Tore Roth Blokhus
Gruppeleiar for Stord KrF, Torbjørn Brosvik
Gruppeleiar for Stord SV, Hilde Hildal Hauglid

- Annonse -