Slik ser gruppa bak hamnestrategien for Leirvik for seg Evjo i framtida. Skisse: ABO plan og arkitektur
- Annonse -

REPLIKK: Dette er altså meir ein kritikk av Høgre enn av Magne Bjelland.

Av: Edgar Inge Damås (Ap),
leiar i utval for plan og utvikling

Arbeidarpartiet har ikkje hevda at Bjelland er ugild. Me tok opp spørsmålet då me fekk opplyst at Bjelland er styreleiar i Eldøyane sjøsportssenter, samstundes som Høgre argumenterte for at seglforeininga høyrte betre til der enn i Leirvik hamn. Då me seinare
fann ut at Bjelland sjølv hadde teke opp eigen gildskap, og administrasjonen vurderte han som ikkje automatisk ugild i saka, fremja me heller ikkje forslag om det i kommunestyret.

Me står likevel ved at det er uryddig at Bjelland fortset å fronta saka for partiet trass i at både han sjølv og andre har teke opp spørsmål om gildskap. Vanleg praksis er at ein då ikkje engasjerer seg i saka, men overlet det til andre i partiet. Dette er altså meir ein kritikk av Høgre enn av Bjelland.

Set deg inn i debatten:
Nokre vesentlege poeng i «seglforeiningssaka»
– Slike påstandar og antydingar er så grove, at eg trur det er på plass med ei oppklaring

Bjelland viser elles til at han og Høgre ikkje kunne la vera å lytta til hamnesjefen sine faglege råd i seglforeiningssaka. Det framstår dermed som underleg at verken Bjelland eller Høgre lytta til dei faglege råda til same hamnesjef i saka om REN-bygget på Eldøyane. Der la Høgre meir vekt på innspel frå eksterne aktørar.

- Annonse -

Arbeidarpartiet legg stor vekt på faglege råd frå administrasjonen i alle saker. Me oppfattar at i denne saka handla dei framfor alt om at det ville bli knapt om plassen på Skotabergkaien i fall den skulle brukast som mellombels hurtigbåtkai. I endeleg vedtak la
me difor inn ein føresetnad om at brygga i så fall må flyttast for seglforeininga si rekning. For å sikra kommunen sin kontroll i leigeperioden elles la me dessutan inn ein føresetnad om at kommunen kan krevja brygga flytta om kommunestyret på eit tidspunkt finn at ein vil nytta dette kaiarealet annleis.

Edgar Damås (Ap). Foto: Jonas Sætre/Stord24

I Sunnhordland sitt kommentarfelt på Facebook kan ein lesa at eit anna utvalsmedlem, Reinert Svanberg (FrP), beskriv saka som at fleirtalet i kommunestyret «deler ut fellesskapet sine verdiar til særinteresser». Det er ei frisk framstilling av ein avtale som bidreg til å auka kommunen sine inntekter på kaien, samstundes som den legg til rette for aktiviteten til eit idrettslag med 70-80 medlemmer, mange av dei born og unge.

Ikkje minst då FrP, iallfall tidlegare, har vore dei fremste talspersonane for at akkurat same kaiareal skal kunna leigast av ein husbåt med to bebuarar til godt under halve prisen.

Frisk er også Svanberg si framstilling av at hamnesjefen har vorte utsett for «politisk press» i denne saka. Også hamn er ein del av lokaldemokratiet og såleis underlagt folkevalt styring. I denne som alle andre saker me politikarar får til handsaming, tilrår administrasjonen, mens me politikarar gjer vedtak. Tilrådinga vert alltid vektlagt og som regel følgt, men ofte kjem det folkevalde organet fram til ein annan konklusjon enn administrasjonen. Slik skal det vera i eit folkestyre.

Me i Arbeidarpartiet står støtt i at me har vore ein del av eit breitt fleirtal som la til rette for seglforeininga på Skotabergkaien. For oss handlar det om å leggja til rette for utviklinga og aktiviteten til eit idrettslag og for ei attraktiv indre Leirvik hamn.

Til sjuande og sist er det dette saka handlar om: Kva skal me bruka Skotabergkaien til? Skal me fortsetja å leggja til rette for lekterar og båtar og skip i opplag her midt mellom småbåthamna og gjestehamna og nokre meter framfor stovevindauga til dei som bur der? Eller skal me leggja opp til at Skotabergkaien og resten av indre hamn vert utvikla til ein gradvis meir attraktiv plass med «mjukare» aktivitetar for innbyggjarar og gjester? Medan næringstrafikken og større båtar vert flytta lenger ut i hamna og til den nye kaien på Eldøyane.

Dette er også hovudspørsmålet i strategien for indre Leirvik hamn, der planen for Skotabergkaien er at ein ved sida av seglforeininga si brygge legg til rette for eit sjøbadanlegg. Eit samla kommunestyre gjekk inn for dette, også Høgre og FrP.

Når ein ser det vedvarande engasjementet deira for å snakka ned seglforeininga, er det vanskeleg å skjøna kvifor.

- Annonse -
Forrige artikkel– Me er særs nøgd med at alle tre er motiverte og stiller til attval
Neste artikkelJubeldag på Stord lufthamn: Frå neste år blir det permanent hyppigare flytilbod