Foto: SIM
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I 2018 kasta kvar innbyggjar i SIM om lag 451 kg, noko som er ein auke på 3,8 prosent samanlikna med 2017.

Pressemelding frå SIM

Av desse mengdene kasta kvar og ein 57,8 kg bioavfall, 32 kg papiravfall og 15 kg
farleg avfall.

– Me har hatt ein liten nedgong i avfallsmengdene nokre år no. Både i 2015, 2016 og 2017 gjekk mengdene avfall frå hushald ned, men fjoråret viser at mengdene aukar att, seier ansvarleg for plan, innkjøp og kommunikasjon i SIM, Janne Hillersøy.

Nedgong i besøkstal, auke i mengder

Dei totale mengdene som vert kasta i vårt område varierer lite, og ein ser ein auke både i det som vert henta heime hjå folk, og det som kjem inn via miljøsentralane. Samstundes ser ein at besøkstalet på SIM sine miljøsentralar går noko ned, etter fleire år med jamn auke årleg.

Bakgrunnen for svingingane veit me ikkje heilt sikkert. På miljøsentralane kan det skuldast at ein i 2018 starta ei ny ordning med henting av plastemballasje, noko som
igjen kan ha ført til færre besøk. Men dette veit me som sagt ikkje heilt sikkert påpeikar
Hillersøy

Ny ordning, gode erfaringar

- Annonse -
- Annonse -

Den nye ordninga SIM starta i april 2018 har blitt godt motteke av abonnentane. Ein har hatt få driftsproblem hittil, etter snart eit års drift. Og SIM seier seg godt nøgd med oppstarten.

- Annonse -

Litt vil det alltid vera med oppstart av ei ny ordning. Me starta jo med nytt selskap og innførte nye ordningar og rutinar. Mellom anna innførte ein henteordning for plastemballasje og frekvensen på restavfall vart endra. Abonnentane har teke dette på strak arm, og gjort sitt til at dette har gått veldig bra, seier Hillersøy.

Nær 400 tonn

Totalt er det samla inn om lag 400 tonn plastemballasje, der om lag 300 av desse kom frå innsamlingsordninga. Resten er levert på ein av SIM sine miljøsentralar.

Dette er bra. Plasten me samlar inn vert sendt til gjenvinning via Grønt Punkt Norge, og mesteparten av det ein får inn vert gjenvunne til nye plastprodukt, som til dømes forbruksartiklar eller produkt til bruk i industri/anlegg, fortel Hillersøy.

Mykje mat i restavfallet

Ein plukkanalyse selskapet nyleg har gjennomført viser at abonnentane generelt er flinke til å sortere rett, men det hamnar mykje matavfall i restavfallet. Den største fraksjonen av avfall som ikkje skal vera i restavfallet er bio, og feilsorteringa her viste heile 25 %.

Det er synd. Dette er avfall som kunne blitt gjort om til kompostjord. I tillegg er det ikkje bra at me kastar så mykje mat. Me har i tillegg vore med i ein matsvinnsanalyse gjennom Miljødirektoratet og den viste at av matavfallet som vert kasta var heile 41 % rekna som matsvinn. Det vil seia at det er mat som hadde vore etande. Og det er sjølvsagt ikkje bra, understrekar Hillersøy.

- Annonse -