Ove Trellevik (H) meiner me må akseptere at politiet nokre gong brukar sterke verkemiddel, som då den afghanske familien vart henta ut frå kyrkjeasyl på Fitjar førre veke. Foto: Stortinget/privat
- Annonse -

DEBATT: – Har ein fått endeleg avslag på sin søknad om opphald i Norge bør ein forlate landet frivillig, om ikkje må me som samfunn akseptere tvang, seier Ove Trellevik (H).

Av: Ove Trellevik, Stortingsrepresentant (H)

Etter at Politiet sin Utlendingsenhet (PU) fekk utført sin jobb på Fitjar er det oppstått ein debatt.

Familien som oppheldt seg på Fitjar har fått endeleg avslag på sin søknad om opphald. Dei oppheldt seg no ulovleg i landet. Dei er gjort kjent med konsekvensane av å opphalde seg ulovleg i landet, og dei er tilbudd betydeleg økonomisk støtte om dei reiser frivillig. Når ein oppheld seg ulovleg i landet er oppdraget til PU er å returnera dei, om så med tvang til sitt heimland, etter avtale med heimlandet.

Så er det i ettertid oppstått ein debatt om huset – som tilhøyrar ein frittståande menigheit – er ei «kyrkjerom», og om politiet brukte unødig makt og midlar under aksjonen. Dersom ein familie med endeleg avslag på sin søknad om opphald her i landet vel å busetja seg i eit bedehus, er det vanskelig å sjå at bedehuset primært blir brukt til bedehusformål. I slike saker må ein forvente at politiet har gjort grundige undersøkningar.

- Annonse -

I kyrkja er det eit «våpenrom», eller det som ein i dag omtalar som «gang» før ein kjem inn i kyrkjerommet. I oldtidene satt ein frå seg våpna i dette våpenrommet. Det var aksept for at en ikkje brukte våpen i sjølve «kyrkjerommet» under den religiøse handlinga. Denne rettspraksis har ingen gyldighet i vår tid, sjølv om vi i dag har ein «ordning med kyrkjeasyl».

- Annonse -
- Annonse -

Saka om kyrkjeasyl handlar om respekt for dei religiøse tradisjonar vårt samfunn er bygd på, ikkje om vår rettsstat er fullkommen eller ikkje. Når spørsmålet om opphald i Norge er behandla og konkludert på ein forsvarleg måte i ein rettsstat og i eit demokrati som Norge, må resultatet respekterast. Også om det inneber utvisning. I 1993 var det seg 700 menneskjer i kyrkjeasyl i 140 kyrkjer og bedehus i Norge. Vi må ikkje setje rettsstaten i tvil og få ein lik situasjon. Derfor må kyrkjeasyl handterast strengt, eller avviklast heilt.

Har ein fått endeleg avslag på sin søknad om opphald i Norge bør ein forlate landet frivillig, om ikkje må vi som samfunn akseptere tvang og bruk av makt når mottakarlanda har akseptert retur.

- Annonse -