Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Debatt: Stord FrP forutset at kommunestyret og administrasjon tar imot støtta frå IL Solid.

Av: Sigbjørn Framnes,
Ordførarkandidat, Stord Frp

Stord FrP viser til utspel frå IL Solid om støtte til bygging av Nysæter ungdomsskule, og ser på det som eit ubetinga gode som viser kor viktig dette er for Sagvåg og Litlabø.

Stord FrP forutset at kommunestyret og administrasjon tar imot støtta. Me meiner det må byggast klatrehall, basishall og 25 meters svømmebasseng.

Me ser med stor uro på signala som kjem frå koalisjona, der det ser ut til at ein allereie no har gitt opp å realisere prosjektet slik det har vore planlagt.

- Annonse -

Om kommunestyret gjer vedtak om bygging i inneverande kommunestyreperiode krev me som eit minimum at desse tiltaka blir tatt med som opsjon i kontraktsutlysinga.

- Annonse -
- Annonse -

Blir ikkje dette tatt med kan innbyggarane i Sagvåg og Litlabø ansjå koalisjona (Ap, SV, Sp, KrF) som fiendtleg innstilt til utvikling av bygda – og det med rette!

- Annonse -