onsdag, 20. mars 2019
- Annonse -
Heim Meiningar – Me motseier oss dei føreslåtte tiltaka for å redusere Nysæter-prosjektet

– Me motseier oss dei føreslåtte tiltaka for å redusere Nysæter-prosjektet

221
Arkitektkontoret VIS-A-VIS i Trondheim laga vinnarutkastet til den nye Nysæter ungdomskule med prosjektet "Du Glitrande".
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: IL Solid er ikkje samd i innsparingstiltaka som rådmannen har skissert for å redusere kostnaden for ny ungdomsskule og idrettsanlegg på Nysæter.

Av: Karl Olav Gravdal – Styreleiar IL Solid Leif Ottar Heimro – Leiar hallkomiteen Vidar Vedå – Stord Tinde- og Klatreklubb Heine Kaldefoss – Musikk- og kulturrepresentant

I kommunen sin “Grunnlagsrapport til kommunedelplanen for Sagvåg og Litlabø” vart det konkludert med at innbyggjarane i bygda har eit sterkt ønskje om ein arena der både idrett og kultur kan bløme.

Rapporten «Ung i Sagvåg» frå 2012 omhandlar og behovet for møteplassar for ungdom i Sagvåg og Litlabø. Fleirtalet av dei unge ønskte fleire og meir varierte tilbod, mellom anna som ikkje er så forpliktande og konkurranseprega – Fleirbruksanlegg med ulike aktivitetar for gutar og jenter, auka satsing på kulturtilbod i området, samt fleire arrangement og konsertar for ungdom. Ein møteplass der ungdommen berre kan «droppa» innom blir etterspurt.

- Annonse -
- Annonse -

I samband med overskridingane har rådmannen, i samråd med arkitektane, komme fram med ei liste over tiltak som kan redusera prosjektet med omlag 850 m2.

Me motseier oss dei føreslåtte tiltaka, då dei anten:

  • Øydelegg hjarterommet (inkludert amfi, scene og aula), som er det bærande elementet (og vinnarargumentet for prosjektet) til det ugjenkjennelege.
  • Reduserer storleiken og ikkje minst kvaliteten på undervisnings- og lærarlokala, noko som i tillegg er vanskeleg å gjere utan at det ut over hjarterommet. Den økonomiske vinninga om ein ikkje råkar hjarterommet er truleg liten.
  • Fjernar delar av idrettsarealet (klatrehallen), men alternativkostnaden, samt fråfallet av momskompensasjon og spelemidlar gjer at dette neppe gjer økonomisk vinst.

Hjarterommet er den viktigaste møteplassen på skulen, både for oss frivillige, for elevane og dei tilsette. Hjarterommet, slik det er planlagd, er difor heilag for oss. Kuttar ein i Hjarterommet rammar det pulsen i heile bygget og hovudargumentet for at Vis-A-Vis AS sitt prosjekt vant forsvinn.

Dei andre tiltaka vil gje så minimale innsparingar at det ikkje bør vurderast å utsetje prosjektet for å få desse gjennomført.

Fleirbrukshallen

Det er ikkje ein tradisjonell fleirbrukshall, i idretten sin forstand, som har vore etterspurt av hallkomiteen, men eit fleirbruksanlegg der ein oppnår treffpunkt og synergiar, på tvers av aktivitet og bakgrunn.

Ein fleirbrukshall, i idrettssamanheng, er ein hall som kan nyttast til ulike idrettsaktivitetar utan klargjering/omgjering med tap av brukstid. Ein slik hall er sjølvsagt viktig for bygda, og nærast eit krav for å få bygd opp att handballmiljøet etter at Litlabøhallen vart stengd.

Fleirbrukshallen, slik han er teikna inn, er planlagt å vera så liten han kan, utan å mista tilskot gjennom spelemidlane. Det er difor særs viktig å få fram at eit tradisjonelt skulebygg, saman med ein slik fleirbrukshall IKKJE er i samsvar med det hallkomiteen jobbar for å få til, sidan ein ikkje oppnår møteplassen ein får når det skjer fleire parallelle aktivitetar.

Skulebygget og hjarterommet

Skulen er, i samsvar med kommunestyrevedtaket i sak PS 8/17, planlagd for tre parallellar, med moglegheit for seinare utviding til fire parallellar. Dette betyr at administrasjonsavdelinga, elevgarderobane, spesialrom, og lærararbeidsplassane er dimensjonert for eit større elevtal enn prognosane tilseier. Det er likevel berre er planlagt ordinere klasserom til tre parallellar, det same er storleiken på amfiet.

Konkret betyr dette at ein kanskje kan fjerne nokre kvadrat frå lærararbeidsplassane, arealet for teikning/tekstil/keramikk, nokre garderobar samt eit naturfagsrom, men skulen mistar viktig fleksibilitet ved at ein får ei minimumsløysing, som heller ikkje er like teneleg til bruk for lag- og organisasjonar etter skuletid.

Ei konsekvens av at ein endrar på elev- og lærarfasilitetane er at ein skapar press på hjarterommet, med tilhøyrande amfi, scene, aula, formidlingssal og folkebibliotek.

- Annonse -

Hjarterommet, slik det er planlagd, er for oss heilag. Kuttar ein i Hjarterommet rammar det pulsen i heile bygget og hovudargumentet for at Vis-A-Vis AS sitt vinnarprosjekt vant dett vekk.Hjarterommet er viktig både for oss frivillige, for elevane og dei tilsette på skulen.

Sjølv om det truleg kan gjerast mindre justeringar av nokre rom (i samråd med brukarane), meiner me innsparingspotensialet er så lågt at det ikkje forsvarar ei utsetjing av prosjektet.

Me ønskjer i staden å leggje rette for effektiv bruk av dette arealet, i samarbeid med skulen, lag- og organisasjonar i nærmiljøet. Konkret kan me til dømes nemne tilbod innan kulturskulen, e-Sport, sløydkveldar for ungdom mm.

Klatrehallen

Klatring er ein aktivitet der ein uansett alder, kjønn, kroppsfasong, styrke og form kan ha det kjekt saman og samtidig få eit supert treningsutbytte.

Klatremiljøet på Stord har lenge hatt eit sterkt ønskje om betre treningsforhold og den noverande klatreveggen på Vikahaugane er lite tilfredsstillande. Klatreklubben har lenge hatt ein draum om mellom anna eit buldreanlegg. Ei plassering av eit klatreanlegg på Nysæter er eit naturleg alternativ, berre nokre steinkast unna klatrefelta i Utslettefjellet.

Innsparingspotensialet ved å erstatte klatrehallen med ei klatrenisje er med andre ord minimal. Om det likevel er ein meirkostnad ved å byggje ein klatrehall trur me dette lett kan dekkast inn ved hjelp av bidrag gjennom klatregruppa.

Bassenget

Rådmannen si vurdering av bassengsituasjonen i kommunen avdekka at dagens løysing med tre basseng til bruk for lovpålagt symjeopplæring er eit minimum og at rehabilitering / nybygg av bassenget på Nysæter må inkluderast i byggjeplanane for nye Nysæter ungdomsskule, då kommunen ikkje har råd til å byggja eit nytt sentralanlegg.

Ein stor bakdel med 12,5m basseng er at ein i stor grad utelukkar aktive svømmarar og mosjonistar – dei to største brukargruppene på kveldstid. I dag trenar IL Solid sine symjarar iKulturhuset, allereie frå dei er 8-10 år gamle. Byggjer ein derimot 25m med heve- og senkebotn, kan ein til dømes ha to djupner i bassenget, eller to ulike temperatursoner, noko som gjer at det kan nyttast til både opplæring, trening og eventuelt trim/velvære/rehabilitering.

Eit 25m basseng vil i tillegg bidra til å auke bassengkapasiteten i kommunen, som eit supplement og ikkje ei erstatning til dei tobassenga på Leirvik (noverande og eventuelt framtidige).

Basishallen

Diverre er det lite kjennskap til innhaldet og verdien av ein basishall.

Basishallar er treningshallar med permanent oppmontert utstyr (matter, skumapparat, trampolinar mm) og blir difor ofte tenkt på som turnhallar. Dei vert likevel mykje nytta til breiddeidrett for born, ungdom og vaksne, sidan installasjonane og apparata i ein basishall gjer utfordringar som fremmar motorikk og koordinasjon, kroppsbeherskelse, styrke og balanse. Betre trening- og leikearena finn ein knapt, der ein trenar styrke og motorikk utan at det vert oppfatta som styrketrening.

IL Solid har fått skissert korleis ein basishall (25*20 m og 7m takhøgd) kan byggjast, vegg-i-vegg med bassenget og fleirbrukshallen. Ein sparar med dette store summar samanlikna med det som er stipla inn i forprosjektet.

Basishallen er så viktig for prosjektet at IL Solid ønskjer å bidra til at den vert realisert samstundes med resten av bygget. Klubben ønskjer difor å gå inn med eit millionbeløp i oppsparte midlar og er førebudd på å klare å samle inn tilsvarande summar frå andre kjelder. Ein kan og få 4 000 000 i ordinære spelemidlar, slik at me meiner dette kan gjennomførast utan ekstra investeringskostnader for kommunen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -