Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Lesarbrev: – Me oppmodar alle om å delta i å halda nærmiljøet sitt reint, desse og andre dagar, skriv Geir Angeltveit og Ola Elvestuen.

Av: Ola Elvestuen, Klima- og miljøminister, Venstre
Geir Angeltveit, Stord Venstre

Me bur i eit land med fantastisk natur, men naturen er sårbar. Difor er det viktig at me saman bidrar til å løysa den massive utfordringa med plastforsøpling i havet. Difor har Venstre meir enn dobla støtta for å rydda opp i havet og langs norske strender.

Eit hovudmål for Venstre er å ta vare på naturen, i statsbudsjettet for 2018 har me fått på plass ei rekke tiltak som bidrar til reinare hav og strender, betre luft og meir og betre kunnskap om miljøet vårt. Det er bevilga om lag 300 mill. kr til tiltak som styrkar det klassiske naturvernet. Budsjettsposten for tiltak mot marin forsøpling og plast er auka til 80mill.

Gjennom «Strandryddedagen», «Hald Hordaland Reint» med meir har fleire tusen frivillige rydda våre lokale strender langs heile kysten. I 2016 blei nesten 380 000 kilo boss fjerna frå norske strender, og brorparten av dette er plast.

Me må i hovudsak gjere tre ting for å hindra at plast spres i naturen. Stoppa unødvendig bruk av plast, og for det andra må me stoppa tilførsla av ny plast i havet, som er det viktigaste. For det tredje må me rydda i plastforsøplinga slik at plasten ikkje vert brytt ned til mikroplast, og for å hindra skadar på naturen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Strandryddarane har rydda ei kystlinja som tilsvarar avstandenmellom Oslo og Bergen og tilbake igjen. Ifølgje strandryddedagens rapport består avfallet av ein rekke plastgjenstandar, der plastbitar, tau, drikkeflasker, q-tips, isopor, strips og korkar er gjengangarar.

Norge har arbeidd hardt for å få på plass ein nullvisjon for plast i havet. Den blei vedtatt i FNs miljøforsamling før jul. Plast er ikkje berre eit lokalt problem, det er eit internasjonalt problem. Og me må løysa det gjennom internasjonalt samarbeid.

Men minst like viktig er det lokale engasjementet, og derfor er det grunn til å takka både strandryddarane og nettverksorganisasjonen Hald Norge Reint for ein fantastisk innsats. Me oppmodar alle om å delta i å halda nærmiljøet sitt reint, desse og andre dagar.

- Annonse -