Lesarbrev: Hadde eg visst kva det eg følte på faktisk VAR, hadde eg kanskje fått hjelp før eg begynte å ty til egenmedisinering som ungdom.
Av: Anni Fornes Haga
Om det ikkje blir normalisert å prata om og å føla på følelser, alt frå angst, depresjon, sinne, tristhet og glede – så vil mange ungdom og (unge) vaksne ty til ein eller anna form for rusmiddel iløpet av livet. Om det er alkohol eller illegale middel – eller for den del antidepressiva eller beroligende frå legen.
Dagens samfunn er bygd opp med press frå alle vinklar – ein skal prestere best på skule, aktivitetar, sjå best ut, ha dei fineste kleda, og så vidare. Ekstremt mange unge føler på angst og går igjennom store ting i livet som aldri blir prata om, men heller lagt lokk på.
Når ein då blir presentert for rusmiddel (lovlig, illegalt eller legemiddel) så forsvinner ofte plutselig dei vonde følelsane. Av eigen erfaring er det sjølvsagt lettere å fortsette å ruse seg «frisk» når alle dei vonde følelsane er så inngrodd i ein at det å opne seg opp er for vanskelig.
Me må SJÅ ungdommen/ungane våre FØR det er gått så langt at desse vonde følelsane og diagnosane tar øve. Eg huskar berre sjøl at ordet «angst» ikkje var noko eg visste kva var før eg var ung voksen. Hadde eg visst kva det eg følte på faktisk VAR, hadde eg kanskje fått hjelp før eg begynte å ty til egenmedisinering som ungdom.
Foreldre, medforeldre, medmenneske, søsken, lærarar, politi og helsevesen må våga å spørra. Våga å grava og stå i dei vonde følelsane med dei unge. Me må normalisere at da me føle på er greit – at det ikkje er farlig, at det finst hjelp.
I dei aller aller fleste heimar er da avhengighet og rus involvert – allikevell er det så vanskelig for menneske å snakke om.