John Tonnessen (MDG). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Å halda fram med rasering av natur og auking av klimautslepp vil gjere uboteleg skade på livsgrunnlaget til framtidige generasjonar.

Av: John F. Tonnessen MDG Stord,
Kurt Henning Ådnanes MDG Bømlo 

Vegvesenet har no fått beskjed av styresmaktene å rekna inn klimakostnadar for dei store vegprosjekta. Altså kostnadene knytt til å kompensere for øydelegging av natur og utslepp av store mengder drivhusgassar. Ein kan undra kvifor dette ikkje var sjølvsagt å gjere når dei rekna på desse prosjekta i første omgang.

NRK Vestland melder at dette har stor innverknad på korleis nytteverdien blir berekna for t.d. Hordfast-prosjektet. Hordfast blei tidlegare kalla det mest samfunnsøkonomisk lønnsame prosjektet i landet, men er no rekna til å gå i minus. Det visar seg at Hordfast er ikkje forenelig med våre forpliktelser overfor klimaet og framtidige generasjonar. 

NRK rapporterer at om Hordfast skal vere samfunnsøkonomisk lønnsamt må statens vegvesen legge til grunn ein monaleg auke i trafikken samstundes som byane skal ha nullvekst i trafikk, og ikkje minst, ein bensin- og dieselpris på 50 kr literen! Til og med me i MDG syns ein slik pris er vettlaus.

Men Vegvesenet ivrer for meir veg, og dei har tidlegare rekna seg fram til korleis ein kan rettferdiggjere store naturinngrep for å få det til. No ser me at MDG og andre kritiske røyster hadde rett i at kostnadane var undervurdert. 

- Annonse -

Me kan ikkje berre halda fram og øydeleggje meir og meir natur. Kostnadene av å ikkje ta klima- og naturkrise på alvor veks for kvart tonn co2 me slepp ut i atmosfæren. Og når me snakkar om kostnader, prisen på Hordfast har igjen blitt oppjustert, til nesten 50 milliarder kroner. Det er 50 000 millionar.

Det meiner me er dårleg prioritert av staten når kommunane kjem til å slite stort med å finansiere eldreomsorga i dei komande åra. Me må investere i mennesker, ikkje forverra klimaendringane. 

Hordfast er som kjent samlebegrep for eit kjempestort veiprosjekt. Deler av veistrekkjene kan vera av det gode, men profilen må skalerast ned av omsyn til klima og natur. Å halda fram med rasering av natur og auking av klimautslepp vil gjere uboteleg skade på livsgrunnlaget til framtidige generasjonar.

Me må redusera utslepp av klimagassar no! Ikkje om 50 eller 100 år. Det gamle idealet om «å overlate gården vidare til neste generasjon – i bedre stand enn man sjølv overtok den» må også gjelda klima og natur.

- Annonse -
Forrige artikkel– Ein er i ferd med å riva i stykker det sosiale limet
Neste artikkelElevar på ungdomsskule mistenkt for å rusa seg i skuletida. No vil politikar ha debatt