LESARBREV: Sjølv om me på Stord ventar på at ny E39 skal koma forbi oss, med større og betre veg, må me ikkje gløyma å byggja ut vegane i nærområdet der me bur og skal trivast i saman.
Av: Stein Braathen, Stord
Dersom det ikkje vert planlagt og vedteke vegprosjekt som monnar på øya no, så vert Stord og Fitjar akterutsegla i lang tid frametter på vegsektoren. Vegar som ikkje er bygde som gode tilknytningsvegar til ny E39 i framkant, har når denne store vegen vert bygd, ikkje sjanse til å verta direkte tilknytta seinare.
Difor er det så utruleg viktig at ein no tek tak i eit framtidsretta prosjekt, som vil vera til stor nytte for folket som bur på heile sør og vestsida av Stordøya.
Ein ny veg frå botnen av Valvatnavågen i sør til Rutle i nord, ville blitt eit prosjekt som tok vekk all gjennomgangstrafikk frå Sagvågsbygda, opna opp med ein god og trygg veg for heile området kring nedre Litlabø, og for trafikken til og frå Fitjar vert det jo berre strake vegen rett inn på E-39 i sør.
Som sagt startar vegen inne ved Valvatnavågen og går over til Sætrevik-krysset, med stor rundkøyring der. Vidare gjennom Almås skogen, over Knurrøya , med ny rundkøyring ved Samfunnshuset, vidare til ei tilsvarande rundkøyring på vaskeriplanet for Nedre Litlabø, så beine vegen nord-vestover mot Rutle, med tilkopling til dagens Fitjarveg.
Ein moderne og trafikksikker veg i dette området vil skapa så utruleg mange positive faktorar. Dessutan vil heile området ikring Sagvåg og Litlabø og likeins innover forbi Valvatna, koma attende som dei perlene dette er. For med ny veg til Rutle vil gjennomgangstrafikken, som nærast lammar Sagvåg sentrum i dag, berre forsvinna.
Spart køyretid frå Rutle til Valvatnavågen vert nesten åtte minutt om ein skal sørover på E39. Veglengda ein sparar med ny veg er seks kilometer . Slik at i frå Fitjar sentrum til ein er inne på E39, vil køyretida verta i underkant av tjue minutt.
Like mykje i tid og kilometer vert spart for dei som bur på Litlabø, og fem minutt frå Sagvåg om ein skal sørover, og knappe tre minutt i spart køyretid om ein skal innover mot Heiane og Leirviksområdet.
Ved å byggja ny veg her på totalt 5,8 km vil over 85 prosent av vegarbeidet føregå vekke frå eksisterande busetnad og andre vegar. Dermed får ein og inn korrekte anbod i forholdet til budsjett og kvalitetskrav, som vert sett opp på vegstrekkja. Entreprenørane som skal utføra arbeidet kan få jobben gjort på ein trygg og enkel måte, utan heile tida å verta hemma av anna trafikk i arbeidet.
Prisen på denne vegen verta mellom 350 til 400 millionar kroner. Samfunnsnytta ein får ved å byggja ny veg vil verta utruleg stor, den passerar langt over ein milliard kroner.
Dette er ein framtidsretta veg, der ein som sagt byggjer moderne og kan planleggja å byggja inn gode jordvollar og støyskjermingar, der ein treng slike. Innkøyringar og kryss på vegen vert minimaliserte mot dagens lappeteppe av kryss avkøyringar me har på den eksisterande Sagvågs og Litlabøvegen.
Mellom Rutle og Heiane, på gamle Sagvågsvegen som er 10,4 km lang, er det syttini kryss og avkøyringar. Og like tett ligg desse bortover Litlabøvegen forbi Samfunnshuset , her er det tjue slike avkøyringar på 1,6 km riksveg.
På ny veg Valvatnavågen- Rutle er det teikna inn sju kryss/avkøyringar på heile vegstrekninga! Då forstår ein og litt av kva ein meiner med samfunnsnytte når ein òg tenkjer på kor stor ulykkesrisikoen er på dei gamle vegane med enorm trafikk, der tungtrafikken er enorm på kvardagar.
Dette er likevel berre ein brøkdel av heile samfunnsnytta ny veg her ville skapt for folket på øya. Det er minst fire-fem andre moment som er like viktige! Ei verkeleg alvorleg ulykke på skulevegen treng me ikkje gå nærmare inn på, og kva dette i etterkant kostar samfunnet og dei som vert ramma.
Med all gjennomgangstrafikk heilt borte, ligg gamlevegen perfekt til for syklande, gåande og ikkje minst for kollektivtrafikken i heile buområdet. Denne nye vegen måtte berre vore eit draumeprosjekt å jobba fram, både for veg-ingeniørane, landskapsarkitekten og dei som skal utføra arbeidet.
Dersom ikkje dette kan gjennomførast, må ein uansett reparera Sagvågsvegen og Litlabøvegen. Ein reperasjon/ombygging av desse to vegane er alt kalkulert til å kosta over to hundre millionar kroner, altså over halvparten av kostnaden med å byggja heilt ny veg.
Samfunnsnytta med desse store investeringane vil nærast stå på staden kvil, med like mange kryss og farlege avkøyringar som i dag. Og gjennomgangstrafikken vil garantert berre auka i åra som kjem.
Sagvågsvegen, som er den mest trafikkerte riksvegen i Sunnhordland, med ca. 5700 køyrety i døgeret mellom Sætrevik-krysset og Heiane, formeleg skrik etter avlasting! Det same gjer vegen over Litlabø, der altfor stor biltrafikk svingar seg gjennom dei fine tuna på øvre Litlabø.
Sjølv om me på Stord ventar på at ny E39 skal koma forbi oss, med større og betre veg, må me ikkje gløyma å byggja ut vegane i nærområdet der me bur og skal trivast i saman. Det er tross alt her på øya Stord at folket som har busett seg og skal fungera i arbeid og fritid, med gode og trygge oppvekstvilkår for borna.
No kan me køyra ut til Bremnes for å sjå på den nye vegen som vart bygd frå Siggjarvågen og ut til Hollunds dalen, og stod ferdig hausten 2018. Der ute har dei gjort det einaste rette, bygd ein fantastisk flott ny veg! Vegen er blitt flytta utanom Foldrøyhamn, der folket til no har vore sterkt plaga av den stor gjennomgangstrafikken.
Når bygda no sleppa unna all gjennomgangstrafikk, vil det skapa ei utruleg stor lette og gleda for folket her.
Kva har så me på Stord å stilla opp mot dette?