Leiar Olav Fjell (i midten) i Stord Jazzklubb er godt nøgd med haustens jazzprogram. Her saman med Kjell Arne Møklebust og Wenche Marie Eriksen som er i styret i klubben. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Etter eitt år i drift har Stord Jazzklubb fått over 200 medlemmer, og presenterer no eit svært rikhaldig konsertprogram for hausten.

Stord Jazzklubb kan sjå tilbake på eit suksessfullt første år i drift, etter at det i fjor vart blåst liv i klubben som har røter heilt tlibake til 70-talet. Medlemstalet tel no 212 medlemmer, det er godt med publikum på konsertane og det går rundt økonomisk.

– Me kan slå fast at det er godt grunnlag for å drive ein jazzklubb på Stord, slår leiar Olav Fjell fast.

Dei kan notere seg 12 arrangement i løpet av det første året. Men i haust gassar dei på, og presenterer no eit program med heile ni arrangement fram mot jul (sjå program nedst i saka). Dei har dei råd til med god økonomisk støtte frå Vestnorsk jazzsenter og private sponsorar med Haugaland Kraft i spissen. Og artistane er det ikkje noko problem å få tak i.

Kjøpars marknad

– Det er absolutt ikkje noko problem å få tak i artistar. Det er kjøpars marknad, og me har fått heile 75 førespurnadar frå artistar som har spurt om å få spele.

- Annonse -

– Kva gler du deg mest til av artistane som kjem i haust?

– Det er vanskeleg å seie, men det blir stort når to av dei mest kjende jazzpianistane spelar konsert på Brygga 11 under Flygelfesten. Dei er heilt nok heilt i toppen.

Fjell forsøker også å få stable på beina ein tradisjonsrik godbit, som han trur mange har sakna. Å stable på beina Stord Storband, og få til ein romjulskonsert.

– Det at dei gjenoppstår i romjula er verdt å merke seg. Eg veit at det er mange som har sakna dette.

Mest eldre i publikum

Men trass i den gode oppslutninga om klubben så vedgår klubbleiaren at dei som møter på konsertane er godt vaksne.

– Me har eit blanda publikum, men det er nok sant at det er mykje eldre folk som møter opp.

– Er det eit mål for dykk å få meir ungdom til å gå på jazzkonsert?

– Jau, du kan skjøna det! Me har som eit mål i føremålsprogrammet å med fleire unge. Me har allereie hatt eit prosjekt med vidaregåande og høgskulen, og vil ha eit stort arrangement i samarbeid med Stord kulturskule i slutten av november.

Jazzfestival

Trass i suksessen med jazzklubben er det førebels ikkje noko diskusjonar om å stable Stord Jazz & Bluesfestival på beina igjen, ein festival som varte i fem år tidleg på 2000-talet.

– Førebels er ikkje dette noko tema. Det er så kolossalt med arbeid som skal til for å arrangere for å arranagere ein festival.

– Men me har ikkje utelukka det, skyt Møklebust inn.

Her er jazzprogrammet for hausten (det kan kome endringar i programmet):

Laurdag 9. september: Thomas Dahl & Court (Grand Hotell
kl.19:00)

Laurdag 16. september: Violet Green (Grand Hotell kl. 15:00)

Laurdag 30. september: Stord Musikklag / Breibandet BigBand (Grand Hotell kl. 15:00)

Laurdag 7. oktober: «Jazzmiddag» med Bakke/Ulveseth Duo under Flygelfest (Brygga 11 kl. 19:00)

Sundag 8. oktober: «FlygelJazz i Storstova» under Flygelfest 1 (Kulturhuset kl. 18:00)
Eit samarbeidsprosjekt mellom Flygelkomitéen/Stord Musikkråd, Stord Jazzklubb
og Stord kommune.

Laurdag 28. oktober: Tuning Expedition (Arena/Frugård kl. 19:00)

Torsdag 30. november: «Til naturen» (Kulturhuset kl. 18:00)
Terje Isungset Icemusic /elevar frå Stord kulturskule – Eit samarbeidsprosjekt mellom Stord Jazzklubb og Stord kulturskule.

Laurdag 9. desember: Øyvind Hognestad Kvartett (Grand Hotell kl. 15:00)

Fredag 29. desember: Stord Storband med gjesteartistar (Kulturhuset)
Det blir arbeidd for å blåsa nytt liv i Stord Storband.

- Annonse -