Utval for plan og utvikling. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Politikarane i Plan og utval meinte det var feil at dei skulle ha ansvar for å gi ut lovbrotsgebyr dei dei som bryt plan- og bygningslova.

Torsdag fekk utvalet saka om innføring av lovbrotsgebyr i Stord kommune på bordet.

Som Stord24 tidlegare har skrive, ønskjer rådmannen no å få på plass ein ordning der kommunen kan sanskjonere i form av kraftige bøter, dersom nokon bryt plan- og bygningslova.

Men i saksutgreiinga var det lagt opp til at det var politikarane sjølv som skulle vedta bøtene i kvar enkelt tilfelle. Det synest fleire i utval for plan og utvikling var ei dårleg løysing.

– Me har etterspurt dette dei siste to-tre åra, så det er veldig bra at det no kjem på plass. Men me synest det er litt merkeleg at dette utvalet skal vere eit slags politi som skal gje bot. Sånn synest eg ikkje det gjerast, sa Magne Bjelland frå Høgre.

– Kan ikkje vere opp til politikarane

Han fekk støtte frå Edgar Damås i Ap.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har etterlyst eit verkemiddel for å gi sanksjonar på heilt openberre lovbrot. Men eg reagerer på at det er politikarane som skal ta stilling til dette. Det meiner eg er ein administrativ avgjerd. Det kan ikkje vere opp til oss politikarar å vedta dette.

- Annonse -

Framstegspartiet var dei einaste som hadde eit forskjellig syn på saka. Reinert Svanberg (Frp) la fram forslag om å setje eit lågare tak på gebyret enn det rådmannen la opp til.

– Hovudproblemet vårt er at bøtene kan bli veldig høge for vanlege folk. Me er også ueinig i at det er utvalet som bør ta stilling til kven som skal få bot, men samtidig er det jo vårt ansvar å ta konsekvensen av vedtaka me gjer.

Gjeld ikkje avslutta saker

Høgre og Ap la fram eit felles forslag om å innføre lovbrotsgebyret, og at rådmannen skal få mynde til å ileggje det. Forslaget blei vedteke med ni mot to røyster.

Frp sitt forslag gjekk ut på at ordninga ikkje skal ha den tilbakeverkande krafta på 10 år, som rådmannen la opp til, og at bøtene aldri skulle overstige 100.000, mot 400.000 i rådmannen sitt forslag. Dette forslaget fekk berre to røyster.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad presiserte under møtet at den tilbakeverkande krafta gjeld når kommunen får nye saker på bordet, der tiltaket er utført i løpet av dei siste ti åra. Ei sak der kommunen allereie har gjort seg ferdig med sakshandsaminga vil ikkje falle inn under reglane, sjølv om det ulovlege tiltaket blei gjort i løpet av dei siste ti åra.