Ordførar Gaute Epland vil at E39-traseen skal gå nærmare dagens trasé slik at meir av Landåsen skal bli verna.
- Annonse -

Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) er glad for at kostnadskutt på Hordfast, men er uroa for at det vil føre til midtre kryssing over Langenuen, og nedprioritering av strekninga Heiane-Ådland.

– For oss som er opptekne av raskast mogleg realisering av Hordfast, er kostnadsreduksjonar ein god nyheit. Det styrkar prosjektet, seier Epland, etter at det i dag vart kjend at Hordfast kan bli meir enn fem milliardar kroner billegare.

Epland meiner utsetjinga av traseen berre kan utsetjast dersom Vegvesenet gjer eit unntak for strekninga mellom Heiane og Ådland.

– Når det gjeld traseen over Stord, kan ei utsetjing her etter mitt syn berre aksepterast dersom parsellen Heiane – Ådland/Øvre Tveita vert ein del av Hordfast-prosjektet og realisert som eit byggetrinn to.

– Dette er ei av dei mest ulykkesutsette strekningane på heile E39, og blandinga av lokal- og gjennomgangstrafikk gjer denne parsellen både farleg og tidvis lite effektiv, seier Stord-ordføraren.

Epland skal i haust ha eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) nettopp om denne strekninga. Som Stord24 tidlegare skreiv, ønskjer ordføraren å be om ei omkamp om traseen for å verne meir av Landåsen.

- Annonse -
- Annonse -

– Me må kunna forvente at det, dersom departementet vel å gå for ei slik utsetjing, vil la seg gjere å finne ei betre løysing gjennom Landåsen som i større grad ivaretek eit av dei viktigaste friluftsområda i kommunen. Dette er noko eg vil ta opp med departementet.

Urolig for midtre kryssing

I saka til NRK Hordaland er prosjektleiar Signe Eikenes sitert på at det er strekninga Ådland-Raunholm som vil bli utsett. Raunholm er staden der brua over Langenuen vil kome i land dersom ein vel å gå for midtre kryssing. Til Stord24 presiserer Eikenes at ho er delvis feilsitert, og at dette ikkje betyr at Vegvesenet har bestemt seg for midtre kryssing.

– Dette vil vere avhengig av kva som blir løysinga. I lengste fall er det Raunholm, men diskusjonen går heile vegen. Det kan bli Raunholm, Mehammer og Agdestein. Det er departementet som skal avgtjere dette.

Gaute Epland er likevel uroa over at fokuset på innsparinga vil gjere at ein landar på midtre kryssing.

– Midtre kryssing vil vere i strid med eit klart ønskje frå eit nært samla Sunnhordland om søndre kryssing. Gjennom sunnhordlandssambandet har me også påvist at trafikantnytten aukar monaleg ved val av søndre kryssing om ein også legg trafikken frå og via Kvinnherad til grunn. Det er lite fornuft i å velja den nest beste traseen i strid med den lokale viljen berre for å utsetja ein del av investeringa. Ikkje minst når dette også reduserer samfunnsnytten til prosjektet som heilskap.

- Annonse -

Alternativet med midtre kryssing over Langenuen vil i følgje Eikenes vere på heile 1 til 3 milliardar billegare enn alternativet med søndre kryssing.

Viktigast å prioritere ferjefritt samband

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) er langt på veg på linje med ordføraren i saka.

– Eg tenkjer at det viktigste er å få eit ferjefritt Hordfast-samband nordover. Den vegen me har i dag frå Ådland og nordover er tenleg med trafikkmengda me hjar i dag. Men når det verkeleg kjem trafikk på Hordfast, så kjem firefeltsveg over Stord å tvinge seg fram.

Eskeland er ikkje overraska over at Vegvesenet ønskjer å utsetje vegen over Stord.

– Det har lege i korta heile vegen at dette kan vere ei løysing. Viss alternativet er å ikkje få realisert Hordfast fordi prisen er så høg er det ikkje tvil om at ei etappevis utbygging er det rette.

Heiane-Ådland i særstilling

Likeins med Epland, meiner den tidlegare Høgre-ordføraren på Stord at ein ikkje kan akseptere ei utsetjing av strekket mellom Heiane og Ådland.

– Denne strekninga er i ei særstilling, og der er me nødt å gjere noko. Det å skilje lokaltrafikk med regional- eller gjennomgangstrafikk er heilt  naudsynt. Vegen ligg allereie til rette for fire felt med den trafikkmengda som er i dag.

– Denne vegen må kome før Hordfast står ferdig. Det er ikkje ein veldig avansert trasé, seier Eskeland.

 

- Annonse -