Susan Hassan Abdallah er utdanna tolk, men jobbar til vanleg som lærar på Stord ungdomsskule. På foreldremøta på Leirvik skule tolkar ho på arabisk. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Debatt:  I lys av at innvandrarar utgjorde ca. 10 % av det totale innbyggjartalet i kommunen i 2016, var det behov for å betre inkludera denne gruppa

Av: Susan Abdallah,
Listekandidat, Stord Ap

Stord Arbeidarparti har store ambisjonar og vil at Stord skal vera i fremste rekke når det gjeld integrering av nye innbyggjarar. Dette oppnår me best gjennom eit inkluderande arbeidsliv, eit aktivt kulturliv og eit raust lokalsamfunn som inviterer nye innbyggjarar til å bidra i utviklinga av Stordsamfunnet. Arbeidarpartiet vil leggja betre til rette for at innvandrarbarn i større grad deltek i kultur- og fritidstilboda i kommunen.

Derfor har Stord Ap i løpet av dei siste fire åra jobba for å opprette kontaktutval for innvandrarar og flyktningar (KU) i Stord kommune. I lys av at innvandrarar utgjorde ca. 10 % av det totale innbyggjartalet i kommunen i 2016, var det behov for å betre inkludera denne gruppa og leggje til rette for at dei deltar aktivt og medverka utviklinga av eit mangfaldig og inkluderande lokalsamfunn.

KU skulle vera høyringsinstans og rådgjevande organ for offentleg verksemd og talerøyr for innvandrarar og flyktningar i Stord kommune. På markeringa av Migrasjonsdagen på Stortinget i april 2019, var innføring av KU i Stord kommune ein positiv sak som fekk søkelyset og merksemd.

Allereie på første møte i mars 2019 hadde KU masse gode forslag og ambisjonar å kunne løfte opp og fremja saker som gjeld situasjonen til flyktningar og innvandrarar i Stord, å ta initiativ til tverrkulturelle arrangement og tiltak i Stord med hovudfokus på likestilling og kvinner og barnas kår. Mange frivillige lag og organisasjonar har fokus på integreringsarbeid i Stord, KU skal støtte, samarbeide og leggje til rette  for at dei skal fortsette.

- Annonse -

KU har vore veldig engasjert sidan det blei oppretta i mars 2019 og til no. KU fekk kommentere Høyringsnotat – Forslag til lov om offentlige organs ansvar for bruk av tolk, og meinte at det er viktig å få på plass betre organisert bruk av tolk i det offentlig fordi det gir grunnlag for forståing og kommunikasjon i alle samanheng og situasjonar. KU understreka at det er forbode å bruke barn som tolk.

KU var med på stand under Folkehelsedagane – Folk i Sentrum i mai. Målet var å ta direkte kontakt med folk og informere om dei forskjellige fritidsaktivitetane og tilboda i Stord kommune. KU har også samarbeidt med Hordaland idrettskrets for å organisere gratis sommarferie aktiviteter på Stord.

Tilbakemeldingane var også veldig positive og tyder på at det blir organisert også neste år. Her er det direkte støtte til alle barnefamiliar i Stord, særleg dei med innvandrar- og flyktningbakgrunn. Samtidig er det naturleg at KU har fokus på å informere om stemmeretten med fokus på valet no i september. Stord kommune har fått informasjonsbrosjyrar på 11 forskjellige språk og skal ha stand for å få meir innvandrarar til å ta i bruk stemmeretten.

Stord Arbeidarparti vil sørgje for at me i Stord kommune skal forsette å utvikla oss og bli betre på førebygging, integrering og mangfald.

- Annonse -