Leiar i Stord Unge Høgre, Vegard Røssberg, og styremedlem Sunniva Grov Framnes, har lite til overs for AUF sitt vedtak om å avvikle oljenæringa innan 2035. Foto: Stord Unge Høgre/Statoil
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det er heilt bak mål at Stord AUF meiner at avvikling av oljeindustrien innan 2035 ikkje kjem til å gå ut over næringa på Stord. 

Av: Vegard Røssberg, leiar i Stord Unge Høgre
og Sunniva Grov Framnes, styremedlem i Stord Unge Høgre

I helga vedtok AUF på sitt landsmøte at dei vil jobbe mot ei styrt avvikling av oljeindustrien innan 2035 og den 23. oktober kan vi lese i Stord24 at Stord AUF sin leiar stiller seg positiv til dette. Dette er noko som får oss til å reagere, spesielt i den grunn at mykje av arbeidsplassane på Stord kjem frå oljeindustrien.

For å oppnå eit grønt skifte må Noreg gå ei bærekraftig utvikling i møte. Bærekraftig utvikling er ei samfunnsutvikling som imøtekommer dagens forbruksbehov utan å øydelegga for kommande generasjonar sin muligheit for å få dekka sine. For å oppnå ei bærekraftig utvikling kan ein ikkje berre tenka miljø, men og sosiale forhold og økonomisk vekst.

For Norsk økonomien er den viktigaste enkeltnæringen petroleumsnæringen, og dette sysselsetter ca. 250.00 personer. I eit globalt perspektiv vil Norsk olje og gass bidra til å redusere klimautslippene på ein mellom-lang sikt, sidan den Norske petroleumsnæringen er langt grønare enn andre alternativer dersom Norge velger å redusere sitt energisalg til Europa.

Unge Høgre meiner Noreg må ha ambisjonar om å leie utviklinga innanfor miljøvennlig energiproduksjon, utvikling av nye energikilder og forme myndighetskrav. I ein slik samanheng bør petroleumsnæringen spela ei viktig rolle.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På bakgrunn av dette meiner vi at AUF sitt forslag ikkje er eit bærekraftig mål, og kan være med å langsiktig skade det Norske grøne skiftet og den Norske økonomien.

Det er og heilt bak mål at Stord AUF sin leiar, Ulvar Akselsen, meiner at dette ikkje kjem til å gå ut over næringa på Stord. Det å samanlikne petroleumsnæringen med produksjon av havvindmøller er heilt absurd og lite gjennomtenkt.

Vi heier på Noreg, og difor heier me på fleire år med petroleumsnæringa!

- Annonse -