Oppvekst og utdanning-komiteen fatta eit vedtak som viser seg å vere ulovleg. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Politikarane i komité for oppvekst og utdanning la seg flate og godtok juristen sin vurdering om at vedtaket dei gjorde om skulebyte var ulovleg.

Eleven som bur langs Litlabøvegen og som skal byrje på skule til hausten, får endå eit nytt vedtak å forhalde seg til. Først fekk familien avslag både av kommunen og fylkeskommunen om å la eleven byrje på Leirvik skule. Så gjorde komiteen vedtak om at eleven likevel fekk begynne på Leirvik skule, men tysdag vart eit fjerde vedtak gjort i saka.

Saka ender med at eleven må begynne på Litlabø skule.

Bakgrunnen er at Stord kommune sin jurist i samråd med rådmannen har kome fram til at komiteen gjorde eit ulovleg vedtak då dei vedtok å la eleven byte skule, då det er fylkesmannen sitt endelege avslag som står. Komiteleiar Torbjørn Brosvik (Krf) var tydeleg på at koalisjonen ikkje hadde noko problem med rådmannen sin konklusjon.

Ingen debatt

Det var ingen stor debatt i komite for oppvekst og utdanning då saka om eleven som ville byte skule frå Litlabø til Leirvik skule kom opp att.

- Annonse -

– Då saka først kom på bordet ønskte koalisjonen så best me kunne å etterkome eleven sitt ønskje, og me la til grunn at komiteen kunne gjere eit slikt møte. Men så har det kome andre opplysningar fram om saka. Me ser jo at vurderinga av juristen er grundig og god og tek den til etterretning, og koalisjonen vil følgje rådmannen sitt vedtak.

Kritiserte administrasjonen

Nina Østensjø Borrevik (H) sa seg også einig med Brosvik, men kom med kritikk mot administrasjonen som ikkje sjekka lovlegheita av saka før den kom opp i komiteen.

– Stord Høgre  stiller seg bak innstillinga, men me synest det er utruleg beklageleg at me gjer eit skjønsmessig vedtak og så kjem det opplysningar frå ein journalist i møtet som endrar på heile saka. Så viser det seg til slutt at me har gjort eit ulovleg vedtak, så eg vonar administrasjonen tek dette til etterretning og sjekkar dette grundig neste gong, for her har me påført barnet unødige belastningar.

Rosa Framstegspartiet

Sigurd Sævareid (Ap) nytta høve til å rose Frp-politikar Linda Grundtvig, som var representanten som ønskte lovlegkontroll av saka.

– Eg synest det kan vere på sin plass å takke Grundtvig og Frp for å løfte spørsmålet slik at det fekk ein juridisk behandling, så får me alle ta det til etterretning korleis sakshandsaminga har vore i denne saka.

- Annonse -