Redaktør Jonas Sætre i Stord24 informerer at du frå og med i dag må vere medlem for å lese Stord24. Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Frå og med i dag må du vere medlem for å lese Stord24, slik at me kan styrke den redaksjonelle satsinga vår. Prisen? Det er heilt opp til deg!

Det er snart to år sidan Stord24 såg dagens lys. Denne tida har vore eit eventyr.

Det er eit privilegium å få høve til å formidle alt det spennande som skjer i Stord-samfunnet, og elles i regionen, til stadig fleire lesarar.

Nesten dagleg så tikkar det inn tips til oss frå folk som vil at me skal skrive om ei sak eller ei hending. Då er det ofte med tungt hjarta at me må takke nei, på bakgrunn av at me er ein svært liten redaksjon. Me må prioritere, og har ikkje tid til å dekke over alt det spennande som skjer på Stord.

Men me har heile tida hatt ambisjon om å bli fleire, slik at me får dratt meir ut for å møte stordabuen der dei er. Me trur det er eit hav med gode historier ute i Stord-samfunnet som berre ventar på å bli fortalt.

Difor har me no kome til at me er nøydt til å få lesarane våre med på laget for at me skal kunne vekse som redaksjon og bli fleire journalistar.

- Annonse -
- Annonse -

Det er også bakgrunnen for at alle lesarane må registrere seg som Stord24-medlem for å få tilgang til sakene våre frå og med i dag.

- Annonse -

Samtidig er kvar og ein lesar svært verdifull for oss. Me ønskjer ikkje å skremme vekk nokon ved å innføre ein streng betalingsmur. Sjølv om det kostar å lage god journalistikk, så meiner me også at det er ein styrke for Stord-samfunnet at flest mogleg kan få innsikt i det som skjer i byen vår. Me har respekt for at nokre har ein pressa privatøkonomi, og ikkje kan ta seg råd til å betale ein fast sum i månaden for å lese oss.

Dette er bakgrunnen for at me innfører ein «bestem din eigen pris»-modell for medlemskap hos oss. Du som blir Stord24-medlem skal sjølv få høve til å bestemme kor mykje du vil betale i månaden. Om du vil betale ein hundrelapp, ein femtilapp eller éi krone i månaden, er heilt opp til deg. Så vonar me jo likevel at dei fleste tek seg råd til å iallfall støtte oss med ein kaffikopp i månaden.

Støtta me får frå medlemmene våre vil me bruke uavkorta til å satse vidare på god journalistikk på Stord og i Sunnhordland. Det vil resultere i fleire journalistar, meir eksklusivt innhald til lesarane våre og ein meir utegåande redaksjon som tek tempen på alt det som pregar kvardagslivet vårt her på Stord.

Me håpar du blir med på laget. Velkomen skal du vere som Stord24-medlem!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -