Det er ikkje kvar dag dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, føreles for eit så staseleg publikum. Foto: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -

Hege Økland i NCE Maritime CleanTech fekk tysdag presentere klynga på Stord for dei nordiske statsministrane. 

Alle dei nordiske statsministrane har dei siste dagane vore på våre kantar. Erna Solberg var vertskap for nordisk ministerråd, som tysdag hadde møte i Bergen og på Austevoll.

Dagen var utnytta til det fulle med tettpakka program, og om bord på hurtigbåten til Austevoll var det mellom anna dagleg leiar Hege Økland frå NCE Maritime CleanTech på Stord som fekk ordet.

Nordisk samarbeid

– Eg haldt eit innlegg på ti minuttar på ein hurtigbåt dei hadde leigd inn. Me har jo heimebasen vår i regionen som dei nordiske statsministrane no vitja, og me var invitert inn for å fortelje kva me bidreg med i form av å løyse dei politiske måla med grøn omstilling og koma med forslag til felles nordiske tiltak, seier Hege Økland i Maritime CleanTech.

– Kva var det du formidla til statsministrane?

- Annonse -
- Annonse -

– Me snakka om kva me jobbar med og mest av alt kva me har som forslag til politikarane for å gjere felles nordiske satsingar. Det vert jobba på ulikt hald i norden for området vårt, men Norge har nok kome lengst med elektrifisering av ferjene og mindre service-farty som no er under elektrifisering, seier Økland.

Hege Økland (nr. 2 frå venstre) saman med blant anna statministrene frå dei nordiske landa. Foto: NCE Maritime CleanTech

– Me er i førarsetet innan dette området, og eg oppmoda dei til å lære litt om best practice av kvarandre, og då er dette med offentlege innkjøp med strenge miljøkrav nytta som eit godt verkemiddel i Norge.

- Annonse -

Smalltalk med kronprinsen

Og som om det ikkje var nok med taletid framføre dei nordiske statsministrane, så fekk også styreleiaren i klynga ein god prat med kronprins Haakon under Nor-Shipping-messa som starta i Oslo i dag.

– Me har fått mykje blest frå høgt hald i dag, smiler Økland.

Og Økland sa tydeleg i frå at ho vona det staselege reisefølgjet ville få ein reinare båttur neste gong dei vitja regionen.

– Eg sa til dei at eg håpa at om to-tre år kan dei koma reisande i ein slik type båt utan utslepp og utan støy.

- Annonse -