"Hjarterommet" på den nye skulen var føreslått fjerna. No er rådmannen innstilt på å ha det med, ein noko mindre utgåve.. Teikning: Vis-a-vis Arkitekter
- Annonse -

DEBATT: Me ønskjer at den nye skulen vert så flott at han gjer at folk utanfrå ønskjer å flytte til Sagvåg/Litlabø framfor andre plassar i distriktet.

Av: Guro Betten, leiar i Sagvåg Forum
Stein Braathen, Sagvåg Bygdalag
Ingeborg Strand, Sameige Holmen-Sagvåg Brygge

Me registrerer at innhaldet i ny Nysæter Ungdomsskule stadig kjem opp til debatt. Samtidig har kommunedelplanen for Sagvåg og Litlabø blitt utsett, gang på gang, noko som gjer at fleire føler at utviklinga av bydelen vert sett på vent.

I 2016 gjorde kommunen eit godt stykke arbeid med å samle innspel på kva som er viktig for å fremje trivsel og fellesskap for befolkninga i Sagvåg og Litlabø. Her kom det fram, det som me som bur i Sagvåg og Litlabø lenge har visst, at det er eit sterkt ønskje om eit lokalt “kulturhus” og fleirbrukshall i bygda, der både idrett og kultur kan bløme.

Lag- og organisasjonslivet har stor verdi for folk i Sagvåg og Litlabø. I denne samanheng er det difor særs viktig, både for politikarar og rådmann/ administrasjon, å lytte til innspela som dei frivillige har om den nye skulen. Møteplassen dei jobbar for å realisere er ikkje berre for idrettslaget, men for heile bygda og vil bidra til å gjera bydelen innbydande og attraktiv.

Me ønskjer at den nye skulen vert så flott at han gjer at folk utanfrå ønskjer å flytte til Sagvåg/Litlabø framfor andre plassar i distriktet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

For å bidra til at skulen vert realisert i samsvar med ønskja i bygda, oppmodar me både politikarar og rådmann om å sjå på alternative tiltak enn å redusere på innhaldet i prosjektet. I Litlabø Samfunnshus driftar mellom anna kommunen både folkebibliotek og fritidsklubb. Kva med å flytte begge delar til ungdomsskulen slik at ein får eit enda betre tilbod, gjerne i samarbeid med lagog organisasjonane som vert samla i bygget?

Kulturskulen har og relativt få medlem frå Sagvåg/ Litlabø. Eit tilbod på den nye skulen vil gjere at fleire frå bydelen vert med, i tillegg til at ein på sikt kanskje kan redusere bruken av leigd areal i andre delar av kommunen.

Me har ein draum for den nye skulen. Hjelp oss med å få denne oppfylt.

- Annonse -