Foto: Haugaland Kraft
- Annonse -

SKL har gått frå å vere konsern til dotterselskap med Haugaland Kraft som majoritetseigar. No vil Haugaland Kraft sikre seg ein endå større eigarpost.

Førre veke overtok Finnås Kraftlag på Bømlo 10,5 prosent av aksjane i Haugaland Kraft, i byte mot ein tilsvarande eigarpost i Sunnhordland Kraftlag. Dermed auka Haugaland Kraft sin eigarpost i SKL til 53,30 prosent .

Med ein slik aksjemajoritet betyr det at SKL no er å rekne som eit dotterselskap av Haugaland Kraft.

Vil eige meir

Haugaland Kraft eigde 40,9 prosent av SKL då selskapa vart restrukturert i 2015. Sidan har Haugaland Kraft overteke Ølen og Skånevik Kraftlag. Med bytehandelen med Finnås Kraftlag Haugaland Kraft no majoritetseigar med 53,3 prosent av aksjane.

I eit intervju med Haugesunds Avis seier konsernsjef i Haugaland Kraft, Olav Linga, at dei gjerne ønskjer ein endå større eigarpost i SKL.

- Annonse -
- Annonse -

– Mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden er det i dag 12 større og mindre kraftselskap der dei fleste berre driv med distribusjon av kraft. Me er i dialog med fleire av dei, er alt eg kan seie om den saka, seier Linga til Haugesunds Avis.

- Annonse -

Utanom BKK er det det Tysnes kraftlag, Fjellberg kraftlag og Tysnes kraftlag som har eigarpostar i SKL.

Vil sikre framtida

Konsernsjefen er tydeleg på at dei ønskjer eit større eigarskap for å sikre SKL si framtid som sjøvstendig selskap.

– Me har ikkje gjort dette berre for å få kontroll over SKL. Me har ei klar målsetnad om at SKL skal bli eit sterkt nasjonalt selskap. Og no kan me bidra til å styre SKL i rett retning. I Haugalands Kraft si historie er denne overtakinga ein av dei store milesteinane på svært mange år, seier Linga til avisa.

SKL er i ferd med å skaffe seg ny administrerande direktør, då Magne Heimvik skal gå av med pensjon ved årsskiftet. Det er venta at det er bestemt kven den nye direktøren skal vere i midten av desember.