MF Folgefonn har vore gjenstand for mange testingar av Wärtilä dei siste par åra. Både autodokking og trådlaus lading. Liv Kari Eskeland framhevar satsinga i Sunnhordland på grøn skipsfart. Foto: Wärtsilä
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: – Uavhengig av at me beheld levestandarden vår klarar denne regjeringa å få ei reduksjon i klimagassutslepp i Norge.

Av: Liv Kari Eskeland
Stortingsrepresentant (H)

Denne regjeringa har ambisjonar – ambisjonar om å levera grøne løysingar som vil gagna oss og etterkomarane våre. Det grøne skiftet betyr både utfordringar og moglegheiter for næringslivet. Me ser at Noreg på basis av den teknologiutviklinga som er tufta på den maritime marin- og petroleumskompetansen vår, kan bidra internasjonalt til å få ned klimautsleppa.

På fleire område har Noreg gode føresetnader for å ta ei leiande rolle, og her vil grøn skipsfart vera eit viktig bidrag til å få ned utsleppa. Ein treng eigentleg ikkje gå lenger enn til «skipsappen» som syner alle verdas skipsbevegelsar, for å forstå kva teknologiframsteg innan grøn skipsfart vil bety for å redusere omfanget av CO2-utslepp. Me denne regjeringa legg me opp til ordningar som underbyggjer desse teknologiutviklingane.

Når no Noreg ligg fremst i verda med over 70 ferjer under produksjon og i drift med fornybare framdriftssystem, drivne fram av våre fremste ingeniørar og tiltak sette i gang av regjeringa, er det klart at det både vil gje oss fortrinn og bidra til at andre land kan ta del i den teknologirevolusjonen me her har hjå oss. Eksempel finn me i Sunnhordlands-miljøet, i stor grad fasilitert av Maritim CleanTech, men også hjå Wärtsilä, der dei saman med Teekay, verdas største leverandør av skytteltankarar, har utvikla eit skipskonsept der ein forventar å redusera det årlege utsleppet av CO2 med meir enn 40 pst. samanlikna med konvensjonelle bøyelastarar.

Samstundes går Norled, LMG Marin, Hyon og Selfa Arctic i gong med eit teknologiutviklingsprosjekt for utvikling av nullutslepp frå hurtigbåtar. Dette handlar det om leiande norsk maritim kompetanse og teknologi som skal gje oss nullutslepp frå hurtigbåtar på lik linje med norske ferjer. Regjeringa har difor i årets budsjett også sett av midlar til internasjonal profilering av næringslivet som leverer grøne løysingar, og som har moglegheiter på internasjonale marknader. Satsinga skal medverka til å fremja gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø, som samtidig skal bidra til berekraftig utvikling og overgang til lågutsleppssamfunnet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Me har òg sett av midlar til å følgja opp Grønt skipsfartsprogram og driftsmidlar til Sjøfartsdirektoratet. Grønt skipsfartsprogram er eit offentleg-privat samarbeid som vil verta ein viktig premissgjevar for det vidare arbeidet, saman med Sjøfartsdirektoratet, som må liggja i framkant med regelverk for å møta dei nye løysingane næringane kjem opp med.

Satsingane som denne regjeringa har gjort på området, og svara som næringslivet gjev i form av ny teknologi og framsteg, syner korleis me byggjer vidare på fortrinna våre, byggjer arbeidsplassar og stør opp kring innovasjon og utvikling som bidreg til det grøne skiftet.

Det er eit faktum at me med denne regjeringa får ein reduksjon i klimagassutslepp i Noreg, sjølv om utsleppa har auka globalt. Det skjer uavhengig av at me beheld levestandarden vår, at me har hatt ein befolkningsvekst, og at me har fått 65 000 fleire i jobb, tre fjerdedelar innan privat sektor.

Det fortel oss at me ikkje berre har ambisjonar, men òg evne og handlingsvilje til å gjennomføra dei måla me har sett oss. Høgre sitt overordna prosjekt er å byggja eit berekraftig velferdssamfunn, få fleire i jobb og inkludera alle i samfunnet, samstundes som me innfrir klimamåla som me har sett i ein internasjonalt forpliktande fellesskap.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -