Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

Debatt: Venstre vil prioritera SFO både før og etter valkampen, og eg vil oppmoda dei andre partia om å halda det dei lova.

Av: Geir Angeltveit,
Stord Venstre

I valkampen 2019 vart samtlege av partia ‘avkrevd’ standpunkt til Skulefritidsordninga i Stord kommune. Klinisk psykolog ved Barne- og ungdomspsykiatrien, Øivind Johnsen stilte oss fleire spørsmål om temaet.

Venstre, KrF, Mdg, Raudt, SV og Arbeidarpartiet var alle samde om at noko måtte gjerast med SFO. Posisjonspartia KrF og Arbeidarpartiet skreiv lesarbrev som «På lag med barnefamiliane – alltid» og «SFO for alle» kor dei fortalte om alt dei ville gjere med skulefritidsordninga.

Lågare SFO-avgift, gjeninnføring av søskenmoderasjon med meir. Dette var ei av eit knippe saker også me i Stord Venstre la stort trykk på i valkampen. Og ei sak som me lova å prioritera også etter valkampen.

Mellom overnemnde parti er det fleirtal i kommunestyret, med 18 mot 17 representantar (Senterpartiet, Høgre og FrP) for å gjere desse forbetringane.

- Annonse -

Det blei bestillt ei sak til komiteen, som var tema i sist møte. Den skal opp til endeleg avgjersle i kommunestyret torsdag 14. mai.

Det var difor svært overraskande at Stord KrF og Stord Arbeidarparti valde å snu, så snart etter
valkampen i haust. Når dei har gått så på banen med det i avisene.

Lågare pris betyr ikkje enorme utgifter for kommunen. Med lågare pris får ein også rekruttert tilbake fleire som i dag ikkje kan ta seg råd. Det betyr fleire tilsette å bygga på og balansera utfordringane på, og meir fleksibilitet i kvardagen. Og reetablering av eit attraktivt tilbod for mange barnefamiliar, samt eit meir sosialt fellesskap med fleire vener å velje i.

Venstre vil prioritera SFO både før og etter valkampen, og eg vil oppmoda dei andre partia om å halda det dei lova slik at me igjen kan gjenreisa Skulefritidstilbodet på Stord.