Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd er bekymra over prisauken for ferjesambanda i regionen. Foto: Stord næringsåd/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

DEBATT: Me jobbar kvar dag for å byggje større bu- og arbeidsmarknader i regionen vår, og me opplever den dramatiske auken i ferjetakstane som eit stort steg i feil retning.

Av: Anne-Grete Sandtorv, for Stord næringsråd og Næringsalliansen
og Børge Pedersen, Tysnes næringsråd

Næringsalliansen i Hordaland vil, saman med Tysnes Næringsråd, oppmode Vestland fylkeskommune til å reversere endringane i ferjetakstane som har vorte innført. Det inneber og at rabatt for nyttetransport vert tilbakeført til ordninga med 50 prosent rabatt.

Næringsalliansen representerer tolv næringsorganisasjonar og om lag 2 750 verksemder. Vestlandsbedriftene er heilt avhengige av ein effektiv infrastruktur, og ferjesambanda er ein viktig del av kommunikasjonen i fylket.

1. juli 2019 vart rabattordninga for nyttetransport endra frå 50 til 40 prosent. Dette har gitt store utslag for transportkostnadar for næringslivet. Avhengig av billengd og takstsone har kostnadane auka med sju til 37 prosent. Frå 1. januar 2020 vart Autopass innført på fylkesvegsamband langs heile kysten.

For tidlegare Hordaland sin del, ser me ein ytterlegare prisauke på opp mot 36 prosent, alt etter billengd og takstsone.

- Annonse -
- Annonse -

Me ser til dømes at i fylkesvegsambandet Ranavik—Skjersholmane (takstsone 15) har auken frå 1. juli 2019, inkludert auken frå 1. januar 2020, vore på heile 63 % for ein varebil på inntil 6 meter.

- Annonse -

Ferjene er vegen vår, som me er heilt avhengige av for å komme til og frå arbeid, og for å få levert varer og tenester på tvers av bedrifter og kommunar på Vestlandet.

Næringslivet opplever press på marginane i alle bransjar, og me er sterkt uroa over at me no får ein infrastruktur som svekkjer konkurransekrafta ytterlegare fordi me er avhengige av ferjene.

Me jobbar kvar dag for å byggje større bu- og arbeidsmarknader i regionen vår, og me opplever den dramatiske auken i ferjetakstane som eit stort steg i feil retning.

Dette innlegget er også sendt som eit brev til fylkesordføraren i Vestland.