Eirin Helgesen i Stord Sosialistisk Ungdom er engasjert i Palestina-saka. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: – Me er nøydde til å gje palestinarane høvet til å styra si eiga framtid, og visa at fredelege løysingar enno er mogleg, skriv Eirin Helgesen i Stord SU.

Av: Eirin Helgesen,
Styremedlem i Stord Sosialistisk Ungdom

I dag er det den palestinske uavhengighetsdagen. Det tyder at det i dag er 30 år sidan den palestinske sjølvstendefråsegna vart underskriven av den palestinske leiaren Yasser Arafat, der palestinarane sitt eintydige ynskje om ein uavhengig stat vart slegen fast.

Det er likevel liten grunn til å feira for palestinarane. Tvert imot lever det palestinske folket enno under ein brutal israelsk okkupasjon, som inneber tydelege brot på både folkeretten og menneskerettane. Dette tyder at palestinarane ikkje har handlingsrommet som skal til for å styra over eiga framtid, og at dei ikkje kan delta sameint og reelt i ein forhandlingsprosess med Israel.

Noreg må difor visa solidaritet med det palestinske folket og anerkjenna Palestina som ein eigen stat! Slik kan me hjelpa palestinarane med å oppnå sjølvstende og sjølvstyre for seg sjølv.

Noreg vil ikkje stå åleine dersom me går inn for å anerkjenna Palestina som stat. Av FN sine 193 medlemsland anerkjenner heile 136 av dei Palestina, og ein av dei er nabolandet vårt Sverige.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Noreg kan ikkje vera blant dei attverande 57 landa som gjer at Palestina enno berre har observatørstatus i FN.

Det fungerer berre som ein bremsekloss for ein etterlengta fredsprosess der Israel og Palestina vert sett på som likeverdige partar. I dag kan Israel gjennom okkupasjonen og dei enorme maktovertaka sine setja premissane for eventuelle fredsforhandlingar og splitta det palestinske folket.

I dag er me vitne til ein situasjon som ikkje berre er fastlåst, men som òg står stille. Israel held fram å byggja ulovlege busetjingar på Vestbredden, dei held fram å kasta palestinske born i fengsel, og den amerikanske støtta til palestinske flyktningar er kutta.

Me er nøydde til å gje palestinarane høvet til å styra si eiga framtid, og visa at fredelege løysingar enno er mogleg. Dette går ikkje om me ikkje anerkjenner Palestina som stat, og i høve denne dagen er konklusjonen openberr: Me er på overtid!

- Annonse -