Dagens vindpark i Midtfjellet kan bli kraftig utvida dersom Midtfjellet Vindpark AS får det som dei vil. Foto: Midtfjellet
- Annonse -

Debatt: Fitjar Arbeidarparti vil ta vare på resten av naturlandskapet på øya, og stoppe vidare vindkraftindustri i fjellområda.

Av: Styret i Fitjar Arbeidarparti

Me er inne i ein skjebnetime for naturlandskapet på Fitjarfjellet, ja på heile Stordøya. Myndighetene ynskjer auka utbygging av vindkraftindustri på land, og det snarast mogleg.

NVE har frist for aktørane å koma med innspel før 1. april. Midtfjellet Vindpark har sendt sitt framlegg om utbygging til NVE.

Fitjar Arbeidarparti meiner me må ta vare på resten av naturlandskapet på øya, og langs kysten. Me må stoppa vidare vindkraftindustri i fjellområda våre. Store deler av Hordaland står i fare for å verta bygd ut.

- Annonse -

Vindkraftverka på land har store konsekvensar for naturmangfaldet, så vel som friluftsliv og gode naturopplevingar. Vindkraft bidrar lite til klimadugnaden då det ikkje er dokumentasjon på at kolkraft vert redusert brukt i verda. Ein bergar ikkje eit miljø med å øydeleggja eit anna.

- Annonse -
- Annonse -

Utanlandske investorar kjøper stadig større eigarandelar i norske vindkraftverk, etter at norske aktørar sikrar konsesjonane. Fortenesta går til eigarane i utlandet. Det finst alternativ med å oppgradera eksisterande vasskraft, og å satsa på havvind, der dei norske eigarane har flest eigarandelar. I ein større samanheng er uberørt natur i ferd med å bli ei større mangelvare enn energi.

ME MÅ TA VARE PÅ MILJØ OG NATURLANDSKAP.

- Annonse -