Foto: IL Solid
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Solid fotball får fornya tillit av Fotballforbundet og blir ambassadørar for å fremje sunn livsstil også i 2019.

I 2018 blei IL Solid plukka ut til å vere ambassadørklubb for NFF si satsing for å betre folkehelsa. Dette har dei gjort gjennom arrangementet «Eat Move Sleep».

På Ullevål stadion fekk dei i helga overrakt beviset på at dei også skal vere ambassadør i 2019.

– Solid fotball er ein motivert og engasjert klubb som er oppteken av sunne verdiar. Me er imponert over innsatsen dei gjorde for å formidle Eat Move Sleep-bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø i 2018, seier tidlegare målvakt for landslaget, Frode Grodås.

Kuttar ut brus og erstatter kaker med frukt

Norges Fotballforbund skriv at det ligg ei klar forplikting i å vere ein Ambassadeklubb.

– Dei siste åra har me gjort mange positive endringar, både i klubben gjennom året og under Eat Move Sleep-cup. Til dømes har me bytta ut kaker me frukt, me har Eat Move Sleep som tema på alle møtene våre, og under cupen sel me ikkje brus, men berre sunne drikkevarer, seier Grethe Fadnes Hansen i IL Solid.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er kjekt å sjå at våre medlemmer tek til seg dei gode verdiane og haldningane me har fokus på gjennom Eat Move Sleep. Me vil i 2019 halde fram og motivere alle våre medlemmer i å følgje Solid fotball sitt fokus på sunn livsstil.

- Annonse -

Reduserer matsvinn

Andre døme på tiltak dei gjer er å fokusere på å redusere matsvinn.

– All mat som er igjen etter cupen vår har blitt gitt til Sagvåg skule og asylmottaket, me har fokus på gå/sykle til trening og kamp og me motiverer til søppelsortering. Me tenker at ingen kan gjere alt – men alle kan gjere noko.

Klubben opplyser at dei i 2018 hadde eit særskilt fokus på inkludering i klubben, og starta med tilrettelagt fotball under namnet «Solidstjernene». Dette vil dei halde fram med i 2019, og dei opplyser at NFF har vald Solid sin Eat Move Sleep-cup som arena for «Stjerneserien» sin første serierunde for barn.

–  Me gler oss til å få besøk av 8-10 stjernelag frå heile Hordaland og skal gjera vårt beste for å gi dei ei god oppleving hos oss, seier Fadnes.

Årets Eat Move Sleep-cup vil arrangerast i Hustrudalen i Sagvåg 6. og 7. april.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -