Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -

DEBATT: – Det er ikkje til å stikka under ein stol at dersom dette anlegget kjem, sit me att med skjegget i postkassa, skriv leiaren for Jensanesvegen Vel.

Av: Elin Skjetne Lilleheie, leiar i Jensanesvegen Vel

No har me nyleg fått noko informasjon frå Sunnhordland Naturgass A/S om deira idear for biogass-anlegget som er planlagt på Seglneset. Me har spent høyrt etter på informasjon både i formannskapet og på folkemøtet som vart skipa i Solidhuset 1. mars.

Me er slett ikkje overtydd om at dette er eit godt tilbod til bygda vår, det vil heller påverka oss negativt. Det er fleire tilhøve me er urolege for.

Dette er eit anlegg som ikkje er prøvd ut i ein slik skala nokon stad i verda! Det forundrar oss difor at Sunnhordland Naturgass har tenkt å plassera dette midt i tettbygd strøk.

Innan 250 meters avstand frå næringsområdet ligg det om lag 170 hus i dag. Og det er ikkje berre dei næraste som vert råka av dette. Ein må også hugsa at Sagvåg/Litlabø er det største bydelen utanom kommunesenteret Leirvik med nesten 5000 innbyggjarar.

- Annonse -

Luktfritt?

Dette skal vera luktfritt. «Me skal gjera vårt beste for at det vert luktfritt..» vart sagt på folkemøtet av fagfolka Pedersen hadde med seg. Kva type filter eller hinder for drittlukta var visst ikkje på plass enno. Dette er sjølvsagt ikkje godt nok for oss! Fine dagar på tur, eller ein roleg dag på terassen kan me vel berre gløyma.

For det er ikkje til å stikka under ein stol at DERSOM dette anlegget kjem, sit me att med skjegget i postkassa!

Auka trafikk

Det er sagt at mellom 4-6 trailerar skal koma med møkk, slam og slo kvar dag. Det er før anlegget er fullt utbygd. Når det er ferdig vert det om lag 10 trailerar som kjem. Vegen gjennom Sagvåg og ut til Seglneset er ikkje dimensjonert eller planlagt for å ta av for slik trafikk.

Det er ikkje overgangsfelt nokon stad i strekninga mellom gamle Sagvåg skule og Seglneset. Vegen vert nytta som skuleveg og til frå fritidsaktivitetar for borna i området. Det er ikkje hinder med autovern som vernar fotgjengarar langs vegen til Sagvåg over brua (der vegen nyleg vart utbetra).

Støy frå anlegget

Sjølvsagt må det gå både vifter og ventilasjonsanlegg på anlegget. Gassen som er til overs må avbrennast. Trailerar som kjem brukar om lag ein time på å tøma tanken (med slo, møkk og dyreavfall) Dette vil gje både støy og sjølvsagt lukt!

Me er urolege for kva som kan skje når anlegget sviktar, eller ved vedlikehald og stans. Det er ofte slik at nye anlegg har problem i starten. Og at dette er eit eksperiment av eit anlegg, gjer ikkje saka noko betre!

Me er også uroa for brann og eksplosjonsfare ved eit slikt anlegg. Dette er gassproduksjon! Næraste nabo bur om lag 6 meter frå anlegget. Mange hus ligg i området.

Forureining av havbotn

Innløpet til Sagvåg er ein terskelfjord, det ligg ein fjellrygg i havbotnen som hindrar naturleg sirkulasjon i sjøen. Det er tidlegane undersøkt havbotnen i området i samband med planane for saneringa av Sagvåg og kloakkutbetringa i området.

Denne undersøkinga visar at havbotnen er svært ureina av både tungmetall og anna avfall frå tidlegare industri i området. Kva skjer då dersom store skip kjem inn og ut frå kaien ved Seglneset? Er det då fare for at dette på botnen vert virvla opp og ureinar meir?

Ved Seglneset vart det for nokre år sidan freista å leggja duk og sand over dei ureina områda , dette var mislukka og ein gav visst opp å halda nede ureininga på denne måten. Leirvik Sveis vart også pålagt å mura inne masser som ligg i området i sjøen grunna ureining. Dette vart ikkje følgt opp.

Bastant i media

Me har lest planar om å leggja gassleidning i sjøen også, kva skjer då med havbotnen. Skal denne leidninga gravast ned i grunnen?

Kva skal skje med gassen som vert produsert? Den skal gjerast flytande. Dette inneber at den må kjølast ned til minus 163 grader. Skal denne prosessen skje på staden? Noko gass må også lagrast på sommarhalvåret. Korleis skal denne gassen lagrast? Vert det ein LNG-tank ståande på området?

Me stiller også spørsmål ved kva Stord kommune har visst om desse planane før dei kom fram i media? Etter det me fekk informasjon om i formannskapet har ordføraren snakka om biogsss-planar på møte på fylkesnivå. Har det her føregått eit spel og avtalar som me ikkje får innsyn i? Det verkar merkeleg at Jan Kåre Pedersen er så bastant i sine uttalar i media (jfr. artiklar i Sunnhordland avis, Stord24 og Stordnytt) dersom han ikkje veit at han kan få byggja anlegget sitt.

Me finn også ut at ny reguleringsplan er naudsynt for området. Vert dette ein grundig plan over området som tek nøye omsyn til funn og hindringar for dette prosjektet. Kan me stola på at Stord kommune tek dette planarbeidet på alvor?

Verdset tilgong til sjø og natur

Kommunen, ved rådmann Magnus Mjør og folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein, i samarbeid med lag og organisasjonar sette i 2016 i gong ei stor undersøking der målet var å finna ut kva som gjer at innbyggjarane trivest i Sagvåg/Litlabø-området. Og kva som gjer oss stolte av bygda vår. Ungdomane på ungdomsskulen og innbyggjarane vart bedne om å delta i denne undersøkinga.

I juni 2016 kom rapporten som slo fast at innbyggjarane trekkjer fram tilgang til natur, tilgang til sjøen og strand, tilgong til vatnet, grøne områder, gjestehamn, treffstader/samlingsplassar m.m. Alle me som deltok i undersøkinga trudde på at no vart me tekne på alvor. Korleis tenkjer kommunen at denne rapporten heng saman med plasseringa av eit avfallshandteringsanlegg i eit bustadområde i innseglinga til Sagvåg sentrum?

Me tenkjer det var på tide at me fekk fram våre tankar og uro for dette prosjektet. Me er ikkje i mot tanken på at utnytting av biogass er eit bra miljøtiltak. Me er i mot at anlegget skal plasserast midt i tettbygd strøk!

- Annonse -