Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Me stiller fire spørsmål til alle ordførarkandidatane på Stord. No står Sigbjørn Framnes frå Framstegspartiet for tur.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

– Bygge Nysæter ungdomsskule med 25 meters basseng og klatrehall. Me vil også prøva å få inn opsjon på basishall i anbodsgrunnlag. Ikkje innføre lokal bomring a la Stordpakken. Redusere eigedomsskatten i første budsjettår. Legge grunnlag for god og forutseieleg drift av Stord Kommune gjennom edueleg budsjettering og pengebruk. Finne ut kva som gjer kommunalt ansatte sjuke, og sette inn tiltak for redusere årsakane. Gjennomføre eit omdømeprosjekt som skal løfte viktige saker ut i offentlegheita, bygge eit betre Stord og løfte kommunen hos innbyggjarar og nabokommunar.

–  Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?

– Politisk trur eg me har ei utfordring på driftssida. Me er ein svært konjunkturutsatt kommune. Det er difor ei fare for at me ii gode tider legg oss til dyre vanar som me ikkje greier å finansiere i dårlege tide

– Å behalde kunnskapsarbeidsplassane både i industri og offentleg sektor. Stord er etter mitt syn heilt unik, både i norsk og internasjonal målestokk. Ein har ein kombinasjon av praktisk og teoretisk kunnskap på eit nivå ein truleg ikkje finn mange andre stader i verda, der arbeidsdagen er prega av samarbeid mellom fagpersonar, leiing, økonomar, ingeniørar og kundar. Det er suksessoppskrifta, og den vil eg at me skal nytta oss av også i kommunen.

- Annonse -
- Annonse -

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?

- Annonse -

– Stord må jobbe for realisering av viktige samferdselsprosjekt som Hordfast og Sunnfast. Me fortset å vera eit regionssenter så lenge menneska i regionen kjem til Stord for å løyse større og mindre oppgåver. Det er viktig at me legg til rette for besøkande, og at me legg til rette for at folk kan busette seg og starte næring i kommunen vår. Me må difor ha areal til dette. Når det gjeld regionsreforma trur eg me vil koma styrka ut av den, på trass av utfordringane me no ser mtp lokalisering. Me er ein særs attraktiv del av nye Vestland fylke, og eg håpar jo at eg også kjem inn på fylkestinget ved valet slik at eg kan påverka direkte.

– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

– Mykje av gjelda er bunden opp i investeringar som skal gå i null, som Vatn og Avøpsinvesteringar, kommunale bustader og så vidare. Dette vil me synleggjera ved å innføre antan KF eller AS på desse felta. Då vil kommunen sin reelle gjeldssituasjon koma tydelegare fram. Kommunen har ein stor portefølje av eigedom. Me skal gå gjennom denne og utvikle den. Det kan tyde salg, samarbeid med private eller utvikling i kommunal regi. Det som er sikkert er at Stord Kommune ikkje skal eiga eigedom berre for å eiga den.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og ellers i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutvklinga går i rett retning?

Me er eit Ja-parti. At utbyggjarar ynskjer å revitalisere og bygge nytt ser me på som utelukkande positivt. Det er ein vinn-vinn situasjon for utbyggjarar og innbyggjarar. Me vil difor strekke oss langt i å imøtekome ynskjer frå næringsliv og privatpersonar. Kommuneplan er sjølvsagd eit verkemiddel i så måte, men samstundes må me ikkje setta oss i ein situasjon der ein er heilt låst. Politikarar er berre menneske, me kan ikkje sjå framtida. Det er difor ein fordel å vera open for endringar – og at ein ikkje greier å fange alle mogleikar og eventualitetar i til dømes ein kommuneplan.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -