Det var i fjor at stordabuen blei stansa i fartskontroll. Foto: politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabuen i 40-åra vert dømt til samfunnsstraff og mister lappen i åtte månadar for råkøyring og for å ha stukke av frå politikontroll. 

Det var i mai i fjor at MC-føraren blei stansa i kontroll på E39 i Sveio. Ein gjennomsnittsmåling viste at han hadde hatt ein fart på 131 km/t i 80-sona.

Men i det ein av politibetjentane gjekk ut av politibilen, stakk stordabuen av i høg fart. Politiet følgte etter eit stykke, men fann fort ut at det var for trafikkfarleg å halde fram jakten.

Sidan føraren ikkje hadde teke av seg hjelpen, fekk ikkje politiet ein sikker identifikasjon av mannen. Det ville stordabuen bruke for alt det var verdt, då saka gjekk for Sunnhordland tingrett førre veke.

Skulda på ein slektning

Han nekta plent at det var han som køyrde motorsykkelen.

– Han har forklart at det var ein slektning som prøvekøyrde motorsykkelen med tanke på eit mogleg sal. Tiltalte ville av familieomsyn ikkje namngi denne slektningen, står det i dommen.

- Annonse -
- Annonse -

Stordabuen forklarte at denne slektningen hadde lånt sykkelen i ca. 14 dagar, og nytta sine eigne køyreklede og hjelp.

Forsvareren til mannen, advokat Håkon Velde Nordstrøm, la difor ned påstand om full frifinning.

Blei felt av Facebook-bilete

Men politiet hadde gjort eit grundig etterforskingsarbeid.

Motorsyklisten som vart stansa hadde nemleg på seg ein hjelm som var identisk med den tiltalte hadde på seg på fleire bilete på sin eigen Facebook-profil. Føraren som vart stansa hadde også på seg ein køyredress med logoen til merket «No Fear». Det same merket finn ein igjen på bilete av tiltalte sin køyredress på Facebook.

- Annonse -

Politimannen som stansa føraren forklarte også at tiltalte sin kroppsfasong passar til skildringa som vart gjort av føraren under kontrollen.

Det som set stordabuen sin forklaring i eit endå verre lys er at politiet i løpet av etterforskinga ønskte å innhente datatrafikk frå mobilen hans for å lokalisere kvar den befant seg denne dagen. Tiltalte blei spurt om samtykke til dette.

Det var ikkje noko vits, svarte stordabuen, for mobilen hadde han gløymt i salen på motorsykkelen då han lånte den vekk. Dermed ville datainnhentinga vise at mobilen var på same stad som motorsykkelen under køyringa.

Ingen truverde

Sunnhordland tingrett var dermed ikkje i tvil om at tiltalte laug.

– Retten finn at tiltalte si forklaring om at ein slektning skal ha lånt motorsykkelen den aktuelle dagen ikkje er truverdig. Retten finn det bevist ut over ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at det var tiltalte som køyrde denne dagen.

Det kjem fram i dommen at stordabuen eigentleg skulle dømmast til fengselsstraff. Men i og med at saka har blitt liggande i snart eit år, kjem han frå det med 45 timars samfunnsstraff.

Han mister også lappen i åtte månadar, og må betale sakskostnadane på 5000 kroner.

- Annonse -