- Annonse -

Fredag morgon rykte naudetatane ut til ei ulukke på Bømlo.

Det var klokka 06 at politiet fekk melding om ulukka, eit samanstøyt mellom bil og motorsykkel på Bremnes i Bømlo kommune.

Operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Kurt Løklingholm, ønskjer ikkje å opplyse om kva årsaka til ulukka kan ha vore og kan ikkje svare for fartsgrensa på staden der kollisjonen inntrefte. Han har heller ikkje opplysningar om dei materielle skadene.

– Førar av sykkel er teke med til Stord sjukehus, han klaga over smerter i nakken, opplyser Løklingholm.

Begge dei involverte i ulukka er menn, MC-føraren er i 60-åra, medan bilføraren er i 30-åra. Sistnemnte kom uskadd frå hendinga.

– Politiet er ferdige på staden og det er oppretta sak, seier Løklingholm like etter klokka 07.

- Annonse -