Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

To motorsyklistar i 20-åra får reaksjonar etter villmannskøyring.

Torsdag kveld meldte politiet at dei har stoppa to MC-førarar i midten av 20-åra ved Kleivane på Stord.

– Den eine blir politimeldt for å ha køyrd i 112 km/t i 80-sona, samt at han kryssa dobbel sperrelinje under forbikøyring av ambulanse i utrykking, melder politiet.

Han blir også politimeldt for å ha gjort ein forbikøyring i ein bakketopp og for å ha køyrd på eitt hjul.

Dette skal ha skjedd på E39.

Kameraten slepp unna med ein mildare reaksjon. Han fekk eit forenkla førelegg etter å ha blitt målt til 78 km/t i 60-sona.

- Annonse -