- Annonse -

Mattilsynet, Region Sør og Vest har totalt 8 avdelingar. Ved kontorstad Leirvik på Stord er det ledig to vikariat innan fagområdet fiskehelse i 100 % i eit år. Kontorstad ved eit av dei andre kontorstadene til Mattilsynet kan vurderast.

Kontoret på Stord vert fra nyttår slått sammen med avd Haugaland. Arbeidet med fiskehelse er organisert i regionalt team og vert leia av fagrådgivar fiskehelse. Teamet har ansvar for fiskehelseoppgåver for heile regionen, den som vert tilset vil inngå i teamet. Teamet arbeider på tvers av avdelingane når det er påkrevd.

Arbeidsoppgåvene for stillinga vil kunne dekke heile fagfeltet som inspeksjonar av oppdrettsanlegg, uttak av prøvar, handtering av sjukdomsutbrot, godkjenning av lokalitetar og sakshandsaming innafor mrådet m.m.

Andre relevante tilsynsoppgåver innan Mattilsynet sitt arbeidsområde kan verte pålagt.

Kvalifikasjonar

  • Til stillinga innan fiskehelse søkjer vi veterinær med norsk autorisasjon eller fiskehelsebiolog.
  • Det er ei føremon at du har relevant arbeidserfaring, men nyutdanna er velkomne til å søkje.
  • Du må ha god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne og formidlingsevne.
  • Du må ha førerkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.

Eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er god til å jobbe i team og trives med teamarbeid
  • Du har evne til å prioritere, arbeide raskt og sjølvstendig
  • Du er fleksibel, strukturert og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi tilbyr samfunnsviktige jobbar med spanande arbeidsoppgåver.
  • Kompetanseutvikling og tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør, pt kr 460.000 – 550.000). For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare avlønning verte vurdert.
  • Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.
  • Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet uansett alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
  • Mattilsynet ønskjer å vera ein god arbeidsplass, og har inngått avtale om «Inkluderande arbeidsliv».
  • Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden din.

Mattilsynet skal sikre trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet har ansvar for å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet.

- Annonse -
- Annonse -

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med avdelingssjef Arne Oftedal, på telefon 53 45 42 00.

Klikk her for å søke på stillinga.

- Annonse -