- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein person vart sendt til legevakt etter eit slagsmål i Leirvik sentrum søndag morgon.

Det var i 04.30-tida søndag morgon at politiet vart tilkalla etter eit slagsmål mellom to menn i 20-åra ved taxiholdeplassen i Leirvik sentrum.

– Her er det to menn som har vore i tottane på kvarandre. Då me kom til staden var det eit slagsmål etter ein tidlegare krangling. Begge var godt berusa og begge partar er avhøyrt av politiet, seier operasjonsleiar Håkon Lokna i Sør-Vest politidistrikt.

Den eine mannen vart sendt til legevakta der det vart teke røntgen i ansiktet. Politiet har ikkje fleire opplysningar om skadene han fekk i slagsmålet.

- Annonse -

– No vil lensmannskontoret på Stord følgje opp saka med tanke på vidare etterforsking.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -