Mette Nygård Havre i samtale med elevar etter føredraget. Foto Ingrid Hovstad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mette Nygård Havre, som står bak folkerørsla «Spis opp maten» vitja i dag folkebiblioteka på Stord og Fitjar.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Sjølv om føredraget fann stad klokka 9 om morgonen hadde fleire fitjarbuarar teke turen til kultursalen.

Elevar i frå restaurant- og matfag, og helse og oppvekstfag ved Fitjar vidaregåande var spesielt invitert. Havre fortal engasjert og kunnskapsrikt om matredding til elevane og fitjarbuane som hadde teke turen.

– Eg jobba i BIR (Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap) i 14 år, og det var der eg såg kor mykje mat, heilt etande mat, folk heiv. Til slutt såg eg at det ikkje nytta og sitja i møter. Eg måtte ut å fortelja folket om dette, fortel Havre.

Hadde ikkje respekt for maten

Ho bestemde seg for å byrja heime hos seg sjølv.

- Annonse -

– Eg såg at ungane mine forventa at det var mat på bordet, at dei ikkje hadde respekt for maten. Eg ville læra dei å eta opp maten. Vil du redda verda, begynn med deg sjølv!

Havre jobbar ut i frå FN sine berekraftsmål, der eit undermål av mål 12 «ansvarleg forbruk og produksjon» er at me skal halvera matsvinnet innan 2030. Dette er mål Noreg har skrive under på at dei skal følgja. Skal me nå desse måla må både vanlege forbrukarar og butikkar/leverandørar gjera forandringar.

Mette Nygård Havre. Foto Ingrid Hovstad

Kastar mat for 7000 i året

– Maten me hiv i Noreg kunne metta 800 000 magar. Ein vanleg familie i Noreg hiv mat verdt meir enn 7000 kr i året. Kjenner ikkje folk dette i lommeboka, spør Havre.

Ho kjem med mange gode tips for å få ned matsvinnet i Noreg.

  • Lag handlelista, og planlegg måltida dine.
  • Ha kontroll på kva du har i kjøleskap og frysen, mykje matsvinn skuldast at ein ikkje har oversikt over kva ein faktisk har.
  • Oppbevar maten rett. Pass på temperaturen i kjøleskapet ditt, det bør vera rundt 2 til 4 grader. Hugs at mat ikkje held seg i bilen, so om ein har fleire ærend, ta matbutikken til slutt.
  • Kurer datoskrekken. Mat er ikkje nødvendigvis dårleg om den er forbi sin best før dato. Ver meir obs om det er siste forbruksdato. Om du er i tvil, bruk sansane dine: sjå, lukt og smak.
  • Ha ein fast restedag. Restar står for den største prosentdelen av mat me kastar. Kall det gjerne noko anna enn restar, det ordet har ein tendens til å vera negativt ladd.
Mette Nygård Havre viser korleis ein nordmann i dag hiv 430 kg avfall. Foto Ingrid Hovstad

Unødvendig avfall

Mette Nygård Havre er ogso sterkt engasjert i kampen for mindre plast, og irriterer seg stadig grøn over unødvendig avfall. Ho viser eit bilete ei kokosnøtt innpakka i plastikk, og epler individuelt pakka med plastikksokkar.

– Heldigvis vert folk stadig meir bevisste, og sender meg tips. Saman har me fått klaga på fleire av desse unødvendige tinga, og me opplever at leverandørar og butikkar snur i slike sakar, fortel Havre.

- Annonse -