Agathe Fagerland (f.v.) og Robin Windsrygg er blant dei åtte masterstudentane som står klare til å vise fram arbeidet sitt på Galleri Giga i morgon. Foto: Malin Langøy Aarbø
- Annonse -

Målet er å rokke ved folk sine oppfatningar.

– Livet er ikkje alltid slik ein trur, og det skal ikkje mykje til før folk si oppfatning av verden blir snudd på hovudet. Korleis ser ein på verden? Er det sikkert at dette stemmer med realiteten?

Dette seier Agathe Fagerland (25) og Robin Windsrygg (25). Saman med seks andre masterstudentar ved Høgskulen på Vestlandet inviterer dei til scenisk framsyning på Galleri Giga i morgon kveld.

Framsyninga har fått namnet «Surrealistisk Dissonans» etter inspirasjon frå filosofen Ludwig Wittgenstein. Og det er ikkje utan vidare at nettopp denne tittelen blei vald som utgangspunkt.

Motstridande kjensler

– Det er den kjensla me ynskjer at gjestene skal sitte att med etter framsyninga. Kjensla av ein slags surrealistisk dissonans, (ei motstridande kjensle, red.mrk.), seier Fagerland.

– Gjennom denne framsyninga ynskjer me å vise fram vår oppleving, det me ser, og gjerne det som blir gløymd.

- Annonse -

Framsyninga er bygd opp av ulike stasjonar beståande av både kunst, aktivitetar og musikalske opplevingar. Blant anna vil det bli spelt av ulike lydar i rommet, ein film vil snurre og gå på veggen, og det vil bli høve til å skrive.

Tekniske utfordringar

Studentane er frå forskjellige stader i landet og starta med nettmøte tidleg i semesteret. Fram til no har dei berre hatt to fysiske samlingar, der dei kunne jobbe direkte i lag.

Dette har bydd på eit par utfordringar.

– Akkurat no er det mest tekniske førebuingar som står att. Plutseleg mangla me utstyr som me ikkje såg for oss at me hadde trengt. Men sjølve gjennomføringsdelen har me på plass, opplyser Windsrygg.

– Ei eksklusiv «eingongsgreie»

Framsyninga er ein del av eksamensoppgåva i faget Kreative fag og læreprosessar. Tidlegare har masterstudentane ved HVL hatt framsyning fleire dagar på rad, men i år er det berre den eine dagen som er aktuell.

– Det blir rett og slett ei eksklusiv «eingongsgreie».

Framsyninga startar klokka 18.00 i morgon.

 

- Annonse -