Marita og Karl Joachim Svendsen er eit av heile seks par frå Stord som er blitt tvillingforeldre dei siste månadane. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er jo kjempestas at det er fødd så mange tvillingar på Stord på same tid, seier dei nybakte tvillingforeldra.

I eit kvitt hus på Skotaberg utanfor Leirvik sentrum går det i eitt. I ein spesialbygd seng gjort om frå ei leikegrind ligg Aurora og Phillip (10 veker) i stova og undrar seg over verda.

Karl Joachim og Marita Svendsen er eit av dei heilt unormalt mange foreldra på Stord som har fått tvillingar dei siste månadane.

Seks foreldrepar heimehøyrane på Stord har nemleg fått med seg eit dobbelt sett med babyar heim frå sjukehuset i løpet av dei siste tre månadane.

– Det var akkurat dette me ville, seier Marita.

Stor sjanse med prøverøyr

For paret var det nemleg ikkje noko stort sjokk å bli tvillingforeldre. Tvillingane kom nemleg til verda ved hjelp av prøverøyrsbefruktning, etter ein lang prosess.

- Annonse -

– Me visste at det var ein stor sjanse for at det skulle bli tvillingar. Me hadde forsøkt å bli foreldre på nytt i ganske lang tid, i rundt 2,5 år, utan å lukkast. No var det tredje og siste sjansen med kunstig befruktning, og det blei difor sett inn to egg. Så heldigvis slo det til, seier ho.

Paret har også ein gut på fire år. Karl Joachim har i tillegg ei dotter på ti år frå eit tidlegare forhold, og kan no kalle seg firebarnspappa. Han vedgår at det ikkje akkurat blir så mykje tid til seg sjølv i den nye kvardagen.

– Det skjer jo noko heile tida. Du har veldig lite eigentid. I tillegg har me jo ein 4-åring som krev mykje merksemd, når både mamma og pappa sit med ein baby i fanget. Han er superstolt storebror, men han synest det er veldig keisamt at me ikkje har meir tid for han.

Det er sjeldan barnefri for dei nybakte tvillingforeldra. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Definitivt meir enn normalt

Leiande helsesøster i Stord kommune, Sigrun Helland, stadfestar at det er heilt unormalt med så mange tvillingfødslar som det har vore på Stord den siste tida.

– På mindre enn tre månadar, frå slutten av januar til midten av april, har me registrert seks tvillingpar heimehøyrande på Stord. Det er definitivt meir enn normalt. Men det er nok tilfeldigheitane som rår.

I tillegg til desse seks skal det vere eit foreldrepar på Stord som ventar tvillingar i mai.

Sjansen for å få fleire meir enn eitt barn per graviditet i Norge er i følgje SSB 16,6 per 1000 fødslar. I fjor kom det 200 nye stordabuar til verda, noko som tilseier at det i snitt burde bli fødd om lag 3 tvillingpar i året på Stord.

– Fantastisk koseleg med så mange tvillingar

Helsesjukepleiar Liv Realfsen på Stord helsestasjon fortel at tvillingforeldre blir tett følgt opp.

– Dei blir følgt opp etter same program som dei vanlege. Men det blir automatisk litt meir kontakt med foreldre som har fått tvillingar.

Det er også nokre fordeler med å bli tvillingforeldre. Dei kan nemleg nyte godt av 17 veker ekstra pormisjon.

Realfsen understreker at det ikkje berre er ein rein babylukke å bli nybakte tvillingforeldre.

– Det å ha to stykk i ein familie som er like gamle kan bli ein tøffare oppleving for foreldre. Både med tanke på amming og andre rutinar. Hos oss har dei eit lågterskeltilbod der dei kan ringe og spørje eller bestille tme om det er noko dei lurer på.

– Er det ei ekstra travel tid for helsestasjonen med såpass mange tvillingar å følgje opp?

– Det er klart at det blir litt meir når det er så mange tvillingar. Men det er berre fantastisk koseleg. Me synest det er veldig artig med tvillingar, så me ser ikkje på det som noko meirarbeid.

Helsesjukepleiaren fortel at dei også planlegg å arrangere eigne treff for det store talet på tvillingforeldre på Stord for tida.

– Folk trur det er travlare enn det faktisk er

Sjølv om Karl Joachim og Marita var godt førebudd på at det kunne kome tvillingar, vedgår dei at det ikkje var heilt bekymringsfritt å vite at det var to babyar på veg.

– Me fekk jo litt angst. Først fekk me vite at det var tvillingar allereie etter 7 veker, men så er det slik at det ikkje er unormalt at ein mister den eine før den ordinære ultralyden i veke 19.

Men paret vil ikkje gå med på at livet blir snudd fullstendig på hovudet når ein får tvillingar.

– Eg trur folk ser for seg at det er travlare og meir styr enn det er. Det er jo eigentleg ikkje så stor forskjell, utanom at alt tek lengre tid. Ein må berre akseptere at sånn er det og la vere å stresse.

Dei trur livet som tvillingforeldre kjem til å bli mindre travelt etter kvart som baby-perioden byrjar å gå mot slutten.

– Me trur og håper at dei kan finne selskap i kvarandre og leike i lag når dei er aleine. Me får berre håpe dei blir gode vener, seier Marita.

– Det blir dei nok, skyt firebarnspappaen inn.

At det er så mange tvillingar fødd på same tid på Stord synest dei er kjempestas.

– Det er kjempestas at det er så mange tvillingar. Det blir spennande å sjå om dei kjem i klasse saman med andre tvillingar. No er dei jo så mange at dei kunne hatt ein eigen tvillingklasse på skulen, smilar Karl Joachim.

- Annonse -